Danskøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Danskøya
Geografi
Spitsbergen labelled.png
Stad Nordishavet
Koordinatar 79°41′N 10°49′EKoordinatar: 79°41′N 10°49′E
Øygruppe Svalbard
Areal 40,6 km²
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Demografi
Folketal 0

Danskøya er ei øy på Svalbard i Nordishavet. Ho ligg like nordvest for Spitsbergen nær Magdalenefjorden. Like nord for øya ligg Amsterdamøya. Som med mange av dei andre øyane på Svalbard er ikkje Danskøya busett. Øya har eit areal på 40,6 km².

Den første midlertidige kvalstasjonen på øya vart oppretta av engelskmenn i 1614, truleg på søraustsida av øya. Engelskmennene reiste frå øya i 1624 eller 1625, og ho vart så annektert av Nederland. I 1632 oppretta danskar ein pernment stasjon ved Kobbefjorden. Ein annan stasjon vart oppretta av nederlendarar i Virgohamna på nordsida av Danskøya i 1636. Denne vart kalla Harlingenkokeriet. Restane av denne stasjoen vart sett av Frederich Martens i 1671.

S. A. Andrée sin ballong før han letta 11. juli 1897.

Øya var utgangspunkt for S. A. Andrée sin ballongekspedisjon i 1897. Ballongen til Andrée vart fylt med hydrogen og styrta på pakkisen tre dagar etter han forlet Danskøya. Etter å ha vandra og drive rundt på isen i nesten tre månader kom dei til slutt til Kvitøya, der alle omkom.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Conway, W. M. 1906. No Man’s Land: A History of Spitsbergen from Its Discovery in 1596 to the Beginning of the Scientific Exploration of the Country. Cambridge: At the University Press.
  • Norwegian Polar Institute Place Names of Svalbard Database
  • Lundström, Sven (1997). "Vår position är ej synnerligen god…" Andréexpeditionen i svart och vitt. Borås: Carlssons förlag. (Swedish)
  1. Lundström, Sven (1997), s. 73–114