Daughter of Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daughter of Time
Studioalbum av Colosseum
Språk engelsk
Utgjeve Desember 1970
Innspelt Sommaren 1970 (utanom «The Time Machine», i Royal Albert Hall, 2. juli 1970)
Studio Lansdowne Studios i London
Sjanger Rock, jazz
Lengd 38:04
Selskap Vertigo (Storbritannia)
Dunhill (U.S.)
Produsent Gerry Bron
Colosseum-kronologi 
The Grass Is Greener
(1970)
Daughter of Time Colosseum Live
(1971)


Daughter of Time er det fjerde studioalbumet til den engelske rockegruppa Colosseum, gjeve ut i 1970. Albumet låg fem veker på UK Albums Chart og nådde 23. plassen.[1] Det vart spelt inn under ei endring i besetninga, og dei seks offisielle medlemmane speler berre alle i lag på eitt av dei åtte spora, «Three Score and Ten, Amen».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[2]

Allmusic gav albumet tre av fem stjerner og skreiv: «Musikken til Colosseum fungerer ekstremt bra til å byggje opp spaning og sular lyttaren inn i songane sine. Tekstane er nakne og illevarslande og har ein mellomaldersk smak, og passar perfekt til musikken. Kvar song, alle kring seks minuttar lange, kunne ha vore litt lengre for å la instrumenta få spele meir ut. »[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Three Score and Ten, Amen»Clem Clempson, Dave Greenslade, Jon Hiseman5:38
2.«Time Lament»Greenslade6:13
3.«Take Me Back to Doomsday»Clempson, Greenslade, Hiseman, Dick Heckstall-Smith4:25
4.«The Daughter of Time»Barry Dennen, Greenslade, Heckstall-Smith3:33
5.«Theme for an Imaginary Western»Pete Brown, Jack Bruce4:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Bring Out Your Dead»Clempson, Greenslade4:20
7.«Downhill and Shadows»Clempson, Hiseman, Tony Reeves6:13
8.«The Time Machine (live)»Hiseman8:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Colosseum chart history, The Official Charts. Henta 3. januar 2021.
  2. 2,0 2,1 DeGagne, Mike. «Daughter of Time - Colosseum | AllMusic». allmusic.com. Henta 3. januar 2021.