Dei pelagiske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei pelagiske øyane
Lokalt namn Isole Pelagie
Lita øy ved Lampedusa
Lita øy ved Lampedusa
Geografi
Stad Middelhavet
Koordinatar 35°40′34″N 12°36′59″EKoordinatar: 35°40′34″N 12°36′59″E

Tal på øyar 3
Store øyar Lampedusa, Linosa, Lampione
Areal 25,5 km²

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Agrigento

Demografi
Folketal 6 066 (2004)

Dei pelagiske øyane (italiensk Isole Pelagie) er dei tre små vulkanske øyane Lampedusa, Linosa og Lampione i Middelhavet mellom Malta og Tunisia, sør for Sicilia. Nordvest ligg øya Pantelleria og Siciliasundet. Geografisk høyrer øyane til det afrikanske kontinentet, men administrativt er dei ein del av provinsen Agrigento og er dermed det sørlegaste punktet til Italia.

Øyane har små område for jordbruk, men er i hovudsak berre på grunn av omsynslaus avskoging og at dei naturlege olivenlundane, einebærbuskane og plantasjane med johannesbrødtre har forsvunne. For femti år sidan var mykje av landskapet jordbruksland som grensa til tørre steinmurar, men i dag er den lokale økonomien basert på fiske, i tillegg svampefiske og konservering, og på Lampedusa noko turisme.

Ein har bestandar av karettskjelpadde ved øyane, som er utryddingstrua i Middelhavet sidan hekkeområda deira forsvinn på grunn av turismen. Strenden Pozzolana di Ponente på Linosa og Isola dei conigli på Lampedusa er dei siste gjenverande plassane der desse skjelpaddene regelmessig legg egg. Desse vart derfor omgjort til eit naturreservat i 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]