Dei sameinte nasjonanes økonomiske kommisjon for Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei sameinte nasjonanes økonomisk kommisjon for Europa, avstytta UNECE etter det engelske namnet United Nations Economic Commission for Europe, er Dei sameinte nasjonanes organ for å betre det økonomiske samarbeidet mellom kommisjonens medlemsland, som i tillegg til landa i Europa er USA, Canada, Tyrkia, Israel og land i Sentral-Asia, til saman 56 land.

Kommisjonen har hovudkontor i Genève i Sveits, og er ein av dei fem regionale kommisjonane under Dei sameinte nasjonanes økonomiske og sosiale råd. Oppgåvene for kommisjonen er å gjere økonomiske analysar, lage statistikk, vurdere spørsmål knytte til miljø, berekraftig energibruk, handel, industri- og næringsutvikling og transport, og dessutan administrere ordninga med europavegar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]