Dei sju systrene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dei sju systrene | ||
| Stad | Stranda, Møre og Romsdal | |
| Type | Segmentert | |
| Totalt fall | 410 m | |
| Lengste fall | 410 m | |
| Tal på fall | 1 | |
| Elv | Knivsflåelvane | |
- For fjellformasjonen, sjå Sju søstre
Dei sju systrene, òg kalla Knivsflåfossen, er den 39. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg i Geirangerfjorden i Stranda kommune i Møre og Romsdal og er ein av dei mest kjende fossane i landet. Fossen er ein del av Knivsflåelvane, som ligg ved sidan av kvarandre midtvegs inne i fjorden. Namnet kjem av at fossefalla på avstand kan likne håret til sju kvinner. På motsett side av fjorden ligg fossen Friaren (Skageflåfossen), som gjer kur på dei sju systrene.
Om sommaren kan fossane ha relativt lite vassføring slik at dei minste av falla tørkar opp.
[endre] Sjå òg
- Fossar i Noreg
- Sju søstre i Rissa - Ås ved Solem i Rissa