Geirangerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Geirangerfjorden
Geirangerfjorden
bilete teke frå Ørnesvingen og utover fjorden. Fossen «Dei sju systre» bak i biletet.
bilete teke frå Ørnesvingen og utover fjorden. Fossen «Dei sju systre» bak i biletet.

Geirangerfjorden er ein fjord i Stranda kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han er 15 kilometer lang og er ein arm av Sunnylvsfjorden og Storfjorden. Geirangerfjorden er den armen av Storfjorden som strekkjer seg lengst inn i fjordlandskapet. Største djupna i Geirangerfjorden er 233 m, tett vest for den fråflytta garden Syltevik. Ved fjordbotnen ligg bygda Geiranger.

Fjorden er eit av Noreg sine mest vitja turistmål, og vert halde for å vere særs vakker. 14. juli 2005 kom han med på UNESCO si verdsarvliste i lag med Nærøyfjorden i Sogn.

Det er venta at busetnaden ved Geirangerfjorden vil verte mykje skadd når bergsida over Åkerneset i Sunnylvsfjorden, ein gong i ei ukjent framtid, rasar ut i Sunnylvsfjorden. Raset vil føre til ein tsunami som vil treffe fleire bygder langs fjorden, som Geiranger og Hellesylt, på mindre enn ti minutt.[1][2][3]

Langs fjordsidene ligg fleire forlatne gardar. Stiftinga «Storfjordens venner» har, over ei periode på vel tretti år, sørgd for at mange av desse har vorte (dels eller heilt) restaurerte. Dei oftast vitja av desse er Skageflå og Blomberg på sørsida av fjorden, og Knivsflå på nordsida. Skageflå kan ein nå til fots frå Geiranger, medan ein til dei to andre nyttar båt. Det er òg fleire flotte fossefall i fjorden.

Ei bilferje driven av Fjord1 går langs heile fjorden mellom Geiranger og Hellesylt.

[endre] Fossar

Dei to mest kjende fossane i Geirangerfjorden er Knivsflåfossane, betre kjent som Dei sju systrene og Friaren. Dei to fossane ligg på kvar si side av fjorden, og det vert sagt at Friaren gjer kur til Dei sju systrene på andre sida.

Brudesløret er ein annan foss i fjorden.

[endre] Galleri

[endre] Bakgrunnsstoff


Nordisk verdsarv
Danmark:

Jellingmonumenta | Roskilde domkyrkje | Kronborg slott

Finland:

Gamle Raumo | Sveaborg festning | Petäjävesi gamle kyrkje | Verla tresliperi og pappfabrikk | Bronsealdergravrøysene i Sammallahdenmäki

Noreg:

Bergstaden Røros | Bryggen i Bergen | Geirangerfjorden | Helleristingsområdet i Alta | Nærøyfjorden | Urnes stavkyrkje | Vegaøyane | Struvemeridianen

Sverige:

Birka og Hovgården | Drottningholms slott | Engelsbergs bruk | Falun og kopparbergslagen | Gammelstads kyrkstad | Hansabyen Visby | Helleristingsområdet i Tanum | Höga kusten | Laponia | Grimeton kringkastar | Skogskyrkogården | Kulturlandskapet på Södra Öland | Orlogsbyen Karlskrona

Island:

Þingvellir nasjonalpark

Grønland:

Ilulissatfjorden

Koordinatar: 62°07′N 6°59′E

Personlege verktøy