Demi Lovato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Demi Lovato på premieren til Hannah Montana: The Movie i april 2009.

Demetria Devonne Lovato, kjend som Demi Lovato (fødd 20. august 1992 i Dallas) er ein amerikansk skodespelar, songar og låtskrivar.

Demi Lovato er best kjend for rolla si som Mitchie Torres i filmen Camp Rock av Disney Channel Original Movie, og for rolla si som Charlotte Adams i den korte fem-minutt Disney Channel-serien As The Bell Rings. Ho hadde òg ei av hovudrollene som Rosie Gonzales/ Rosalinda i filmen Princess Protection Program. I tillegg har ho fått hovudrolla som Sonny Monroe i den nye komedien, Sonny With A ChanceDisney Channel.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Demi vart fødd i Dallas i Texas av faren Patrick Lovato og mora Dianna (Hart). Ho har latinamerikanske, irske og italienske aner. Ho har òg 2 systrer; Dallas Lovato, som òg er skodespelar og songar, og halvsystera Madison DeLaGarza. Mora til Demi, Dianna Hart, var cheerleader for Dallas Cowboys og country-artist. Faren Patrick flytte til New Mexico etter at ekteskapet mellom han og Dianna tok slutt i 1994. Demi har hatt heimeundervisning av ein rettleiar på grunn av karrieren hennar, og på grunn av mobbing på den tidlegare skulen hennar før ho vart kjend. Ho gjekk ut av High School i april 2009, eitt år tidlegare enn vanleg.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Demi byrja karrieren som seksåring, då ho fekk si fyrste faste serierolle som Angela i Barney & Friends. Ettersom tida gjekk, hadde ho ein gjesteopptreden på fjernsynsseriane Prison Break der ho spelte mot Robert Knepper, Split Ends og Just Jordan. I januar 2007 spelte ho Charlotte Adams på den amerikanske versjonen til kortseriane As The Bell Rings.

Lovato er likevel mest kjend som Mitchie Torres i Camp Rock. Filmen hadde premiere 20. april 2008 i USA. Ho driv òg med ein ny serie som heiter Sonny With A Chance som byrja produksjonen i september 2008. Dessutan spelar ho i filmen Princess Protection Program saman med Selena Gomez, ein av dei mest sette filmane på Disney Channel. Hausten 2008 kom Demi Lovato med debutalbumet sitt, Don`t Forget, der bandet Jonas Brothers har vore med og skrive sju av dei ti songane.

Sommaren 2009 kom Demi Lovato med sitt andre studioalbum, Here We Go Again, som var nummer 1 på Billboardlista i USA. Nick Jonas var den einaste av Jonas-brørne som var med Lovato på det andre albumet. Dei to skreiv songen «Stop The World» saman. Lovato fekk òg skrive saman med Jon McLaughlin og William Beckett på dette albumet, og dessutan John Mayer som Demi har vore ein kjempestor fan av lengje. Demi var på turné den sommaren, saman med artisten David Archuleta. September 2009 var ho i Toronto, for å filme Camp Rock 2: The Final Jam.

Hausten/vinteren 2009 byrja Lovato å filme andre sesong av Sonny With A Chance, siste episoden vart innspelt 9. juli 2010. I mai 2010 var ho på turnè i Sør-Amerika. I slutten av juni 2010 byrja ho å jobbe med det tredje albumet sitt. 7. august dette året reiste Demi på verdsturne med The Jonas Brothers og gjester frå Camp Rock 2. Demi var òg med i ein episode av Grey's Anatomy.

Lovato har vore med Jonas Brothers på turnéen Burning Up Tour sommaren 2008. Ho deltok òg på Disney Channel Games 2008 same våren. Saman med Jonas Brothers skreiv ho songar til debutalbumet sitt. Ho vart òg kåra som #2 Hottest Stars i BOP Magazine i september 2008.

Filmbiografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Notat
2008 Camp Rock Mitchie Torres Hovudrolle
2009 Jonas Brothers: The 3D Concert Experience Demi Lovato 3D Konsertfilm
2009 Princess Protection Program Prinsesse Rosalinda Maria Montoya Fiore / Rosie Gonzalez Hovudrolle
2010 Camp Rock 2 Mitchie Torres Hovudrolle
År Tittel Rolle Notat
2009– Sonny With A Chance Allison «Sonny» Munroe Hovudrolle
2002-2003 Barney & Friends Angela Hovudrolle
2007 og 2009 As The Bell Rings Charlotte Adams Hovudrolle og gjesteopptreden
År Tittel Rolle Notat
2006 Prison Beak Danielle Curtin
2010 Grey's Anatomy Hayley (1 episode) «Shiny Happy People»
2008 Just Jordan Nicole (1 episode) «Slippery When Wet»
2010 Extreme Makeover: Home Edition Demi Lovato (1 episode) Gjesteopptreden

Musikk[endre | endre wikiteksten]

År CD/Soundtrack
2008 Don't Forget
2009 Here We Go Again
2011 TBA
År Turnétittel
2008 Demi Live! Warm Up Tour
2008 Burnin' Up Tour (Opning for Jonas Brothers)
2009 Demi Lovato Summer Tour 2009
2009 Demi Lovato Fall Tour 2009
2010 Demi Lovato South American Tour 2010
2010 Jonas Brothers World Tour 2010

Prisar[endre | endre wikiteksten]

År Pris Kategori Resultat
2009 Young Artist Award «Best Performance in a TV Movie – Leading Young Actress» Nominert
2009 Teen Choice Awards «Choice TV Breakout Star Female» Vunnen
2009 Teen Choice Awards «Choice Music – Tour» (delt med David Archuleta) Vunnen
2009 Teen Choice Awards «Choice Other Stuff – Red Carpet Icon: Female» Nominert
2009 Teen Choice Awards «Choice Summer – TV Star-Female» Nominert
2010 Young Artist Award «Best Performance in a TV Movie, Miniseries, or Special – Leading Young Actress» Nominert
2010 Teen Choice Awards «Choice TV Comedy Actress» Nominert
2010 Teen Choice Awards «Choice Breakout Artist: Female» Nominert
2009 Teen Choice Awards «Choice Summer – TV Star-Female» Nominert
2010 Young Artist Award «Best Performance in a TV Movie, Miniseries, or Special – Leading Young Actress» Nominert
2010 Teen Choice Awards «Choice Pop Album» Nominert
2010 Teen Choice Awards «Choice Hook Up» (delt med We The Kings) Ikkje utdelt enno
2010 Hollywood Teen Tv «Teen Show Pick: Comedy» Vunnen
2010 Hollywood Teen Tv «Teen Pick Actress: Comedy» Vunnen
2010 Hollywood Teen Tv «Teen Pick: Hottest Female» Vunnen
2010 Teen Choice Awards «Choice Love Song» Nominert
2011 People's Choice Awards «Favorite TV Guest Star» Vunnen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]