Den angolanske frigjeringskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den angolanske frigjeringskrigen
Del av Den portugisiske kolonikrigen
Sempreatentos...aoperigo!.jpg
Portugisiske soldatar i Angola
Dato 4. februar 196110. november 1975
Stad Angola
Resultat Alvor-avtalen, angolansk sjølvstende, start på Den angolanske borgarkrigen.
Partar
Frigjeringsrørsler:

Movimento Popular de Libertação de Angola (bandeira).svg MPLA
Flag of UNITA.svg UNITA
Bandeira da FNLA.svg FNLA
Uoffisielt flagg for Cabinda Front for frigjering av Cabinda
Flag of Cuba.svg Cuba

Flag of Portugal.svg Portugal
Flag of South Africa 1928-1994.svg Sør-Afrika
Kommandantar
MPLA Agostinho Neto

MPLA Viriato da Cruz
MPLA Mário Pinto de Andrade
UNITA Jonas Savimbi
Cabinda Heneique N'zita
Flagget til Cuba Fidel Castro

Flagget til Portugal Américo Thomaz

Flagget til Portugal Álvaro Rodrigues da Silva Tavares
Flagget til Portugal Venâncio Augusto Deslandes
Flagget til Portugal Silvino Silvério Marques
Flagget til Portugal Camilio Augusto de Miranda Rebocho Vaz
Flagget til Portugal Fernando Augusto Santos e Castro

Styrkar
90 000 65 000
Tap
50 000 daude 2 991 daude,
2 684 med livsvarige skadar

Den angolanske frigjeringskrigen var ein krig utkjempa av angolanske geriljagrupperingar mot Portugal. Angola var under portugisisk kolonistyre frå 1655 til 1975. Krigen slutta i 1975 etter at Angola oppnådde sjølvstende som følgje av Nellikrevolusjonen i 1974, då diktatoren Américo Tomás vart styrta og Portugal vart eit demokrati.

Den 3. januar 1961 boikotta angolanske bønder i regionen Baixa de Cassanje i Malanje-provinsen i Angola Cotonang-kompaniet bomullsmarkene sine, der dei arbeida, og kravde betre arbeidforhald og høgare lønningar. Cotonang var eit firma eid av portugisiske, britiske, tyske investorar. For å utfordre portugisiske styresmakter, brente bøndene ID-korta sine og angreip portugisiske handelsmenn. Det portugisiske militæret svarte med å bombe stader i området den 4. februar, og 7000 menneske vart drepen.

Den same dagen, tok 250 militante frå frigjeringsorganisasjonen MPLA seg inn på ein politistasjon i Luanda og 7 politimenn vart drepne. 40 av opprørarane vart drepne i kamp, og ikkje ein vart frikjend. Under gravferda til politimennene, angreip folk frå den portugisiske hæren afrikanarar.

Av de grupperingane som var med under krigen, har me Movimento Popular de Libertação de Angola (MPLA, Folkerørsla for frigjering av Angola), União Nacional para a Independência Total de Angola (UNITA, Nasjonal union for total frigjering av Angola) og Frente Nacional de Libertação de Angola (FNLA, Angolas nasjonale frigjeringsfront). Samstundes kjempa Frente para a Libertação do Enclave de Cabinda (FLEC, Front for frigjering av Cabindaenklaven) for frigjering av Cabindaenklaven. Gruppene i frigjeringskrigen vart etter frigjeringa i 1975 involvert i ein blodig borgarkrig mellom kvarandre som varte helt til 2002. MPLA tok makta i Angola etter frigjeringa, og var òg sigrande i borgarkrigen.

Alvor-avtalen, som gav Angola sjølvstende, vart signert av Portugal, MPLA, FNLA og UNITA, men ikkje av FLEC, som ville ha sjølvstende til Cabindaenklaven.