Den campanianske vulkanbogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svovel ved Solfatararkrateret
Kraterveggen i Vesuv med Torre del Greco i bakgrunnen

Den campanianske vulkanbogen er ein vulkanboge med fleire aktive, sovande og utdøydde vulkanar i Campania i Italia. Den campanianske vulkanbogen dannar ein sirkel rundt Napolibukta:

  • Vesuv: ein aktiv vulkan som sist hadde utbrot i 1944.
  • Campi Flegrei: Ein stor, gamal kaldera som dekkjer dei vestlege delane av Napoli. Området er ei samling av fleire utdøydde krater frå tidlegare utbrot. I området ligg òg Solfatara, eit grunt vulkankrater som framleis spyr ut svovelgassar og er derfor framleis aktiv.
  • Epomeo: 20 kilometer vest for Napoli på øya Ischia. Siste utbrot var i 1302.
  • Palinuro, Vavilev, Marsili og Magnaghi: Undersjøiske vulkanar som anten er sovande eller utdøydde sør for Vesuv. Dei siste tre vart oppdaga i 1950-åra og er kalla opp etter geologane som oppdaga dei. Nyleg har ein vorte noko uroa over kor «sovande» Marsili verkeleg er. Marsili er eit 3 000 meter høgt undersjøisk fjell med ein topp 500 meter under havoverflata. Nyleg har ein oppdaga forholdsvis nye sekundære kjegler på Marsili.

Vulkanbogen som den campanianske vulkanbogen er ein del av strekkjer seg sørover til til dei aktive vulkanøyane Ustica, Stromboli og Vulcano utanfor nordkysten av Sicilia og den største aktive vulkanen i Europa, Etna, på sjølve Sicilia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Milia A., et al . (2006) Volcanism in the Campania Plain, Vesuvius, Campi Flegrei and Ignimbrites. De Vivo: Napoli.