Vulcano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vulcano
Isola vulcano.jpg
Geografi
Aeolian Islands map.png
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 38°24′00″N 14°58′00″EKoordinatar: 38°24′00″N 14°58′00″E
Øygruppe Dei eoliske øyane
Areal 21 km²
Høgaste punkt Vulcano (499 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Messina
Demografi
Folketal 470 (2005)
Folketettleik 22 /km²

Vulcano er ei lita vulkansk øy i Tyrrenhavet. Ho høyrer til Dei eoliske øyane om lag 25 km nord for Sicilia i Italia. Ho har eit areal på 21 km², er 499 meter på det høgaste og inneheld fleire vulkan krater, inkludert ein av fire aktive vulkanar på land i Italia. Namnet på øya har gjeve opphav til ordet «vulkan».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den greske vindguden Aeolos skal ha budd på denne øya, då kalla Hierà. Namnet på Dei eoliske øyane er kalla opp etter Aeolos. Det romerske namnet på øya Vulcano har gjeve opphav til ordet vulkan i dei fleste europeiske språk. Romarane brukte øya hovudsakleg for råstoff, og høgde ned skog og dreiv gruvedrift etter alun og svovel. Dette var hovudnæringa på øya fram til slutten av 1800-talet.

Gran Cratere. Ein kan få inntrykk av storleiken ved å sjå på turisten som er synleg nær senteret av krateret.

Då huset Bourbon sitt styre kollapsa i 1860 kjøpte briten James Stevenson den nordlege delen av øya og bygde ein villa. Han opna dei lokale gruvene og planta vinranker for druer, som seinare skulle nyttast til å lage Malvasiavin. Stevenson levde på Vulcano fram til det siste store utbrotet på øya i 1888. Dette utbrotet varte i nærare to år, og då det var ferdig hadde Stevenson seld alle eigedomane sine til lokale innbyggjarar og kom aldri tilbake att. Villaen står framleis.

I dag bur det om lag 470 innbyggjarar på øya, som hovudsakleg arbeider i turistnæringa. Øya ligg nokre minutt med hydrofoil frå Lipari og har fleire hotell og kaféar. Viktige attraksjonar er strendene, varmekjeldene og svovelgjørmebada.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Den vulkanske aktiviteten i området kjem stort sett av at den afrikanske plata går nordover og møter den eurasiske plata. Det er tre vulkansenter på øya. På sørenden står det gamle kjegler etter ein stratovulkan, Monte Aria (500 moh), Monte Saraceno (481 moh) og Monte Luccia (188 moh), som delvis har kollapsa inn i kalderaen Il Piano.

Det siste aktive senteret er Gran Cratere på toppen av Fossa-kjegla. Her har det vore minst sju store utbrot dei siste seks tusen åra. Nord på øya ligg Vulcanello, 123 moh, og er forbunde til resten av øya via eit eid, som vert overfløymd i dårleg vêr. Denne delen av øya steig opp frå havet under eit utbrot i 183 f.Kr. som ei eiga øy. Fleire utbrot frå dei tre kjeglene med både pyroklastiske straumar og lava oppstod fram til 1550. Det siste utbrotet skapte den smale landtunga som gjer at ho heng saman med resten av Vulcano.

Vulcano har halde seg roleg sidan utbrotet til Fossa 3. august 1888 til 1890. Typen av utbrot som ein såg frå Fossa vert kalla eit vulkanisk utbrot, med eksplosive utslepp av pyroklastiske fragment med viskøs magma.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Romarane trudde at Vulcano var skorsteinen til guden Vulcanus sin verkstad. Øya voks med tida på grunn av soke frå smia hans. Jordskjelv som oppstod før og i lag med utbrota meinte ein var Vulcanus som smidde våpen for Mars og hæren hans. Det vart òg sagt at verkstaden hans var på anten Etna eller Olympos (Ólymbos).[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Vulcano frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Ezio Giunta, dir. (2005) «Vulcano» – Estateolie 2005*The Essential Guide (English version of Tourist Guidebook), s. 80-87.