Adélie Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med utsnitt som viser området

Adélie Land (fransk Terre Adélie) er eit område i Antarktis som Frankrike gjer krav på. Området ligg mellom 136° 20' og 142° 20' aust, og strekkjer seg over om lag 433 000 km². Det vart oppdaga i 1840 av ein fransk ekspedisjon til Antarktis under leiing av Jules Dumont d'Urville, som kalla det opp etter kona si.

Til liks med fleire andre nasjonar i tida etter andre verdskrigen, har Frankrike auka innsatsen i Antarktis for å tryggja sine interesser i denne parten av verda. Dei franske polarekspedisjonane, Missions Paul-Émile Victor, vart skipa i 1947, og hadde i perioden 1948 til 1953 tre overvintringar og to sumaropphald i området. Den fyrste forskingsstasjonen, Port Martin, vart etablert i 1949–1950, men flytta lengre mot aust, til øya Pétrels, etter ein brann. Den nye stasjonen, som fekk namnet Base antarctique Dumont d'Urville, er framleis i drift med eit trettitals personar, det doble om sumaren, då det vart heilårsdrift etter at Antarktistraktaten vart underskriven i 1959. Basen vart supplert med ein ny stasjon, Concordia, skipa i samarbeid med Italia, for å gjere astronomiske, geofysiske og klimatologiske granskingar og studiar.

Mykje vitskaplege arbeid er gjort på Adélie land av franske forskarar, og ved fransk samarbeid med andre land, særleg med Russland og USA.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk