Den gresk-tyrkiske krigen i 1897

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den gresk-tyrkiske krigen i 1897
Dömeke Harbi Zonaro.jpg
«Osmansk siger ved Domokos» av Fausto Zonaro
Dato 21. januar til 15. mai 1897
Stad Balkan
Krigsårsak Grekarane ynskja Kreta tilbake
Resultat Det osmanske riket vann
Endringar i landområde Osmanarane fekk eit lite område ved grensa til Thessalía
Partar
Tyrkia Det osmanske riket Hellas Hellas
Styrkar
Thessalía: 60 000
Ípiros: 30 000
46 000
15 000
Tap
1 400-1 500 500 600


Den gresk-tyrkiske krigen i 1897, óg kalla Trettidagarskrigen, var ein krig mellom Hellas og Det osmanske riket under Sultan Abdul Hamid. Den utløysande årsaka var gresk uro over situasjonen på Kreta, der den greske folkesetnaden framleis var under osmansk kontroll.

Seint i 1896 braut det ut eit opprør på Kreta og 21. januar 1897 gjekk den greske hæren i land på Kreta for å ta ho tilbake til Hellas. Dei europeiske stormaktene greip derimot inn og erklærte Kreta eit internasjonalt protektorat.

Den greske hæren trekte seg tilbake til fastlandet og gjekk så nordover og inn i Thessalía og Ípiros. Grekarane hadde færre menn enn tyrkarane i området, men kontrollerte sjøområda. Hærane møtte kvarandre ved Týrnavos. Grekarane var i mindretal og trekte seg tilbake forbi Lárisa, som vart evakuert. Nær Fársala planla grekarane eit motåtak. Moralen til grekarane forsvann derimot og dei vart berre redda av den osmanske sultanen gav ordre om våpenkvile 20. mai.

I Ípiros var òg grekarane i mindretal. 18. april byrja tyrkarane å bombardere Árta, men klarte ikkje å ta byen. Dei trekte seg tilbake til Filippiáda der dei grov seg ned. Grekarane gjorde motåtak, men fekk ikkje forsterkingar og trekte seg til slutt tilbake 15. mai med kraftige tap.

Osmanarane slo grekarane i løpet av nokre veker. Osmanarane fekk ikkje halde på dei nye områda, men den europeiske stormaktene tvinga Hellas til å betale store erstatningar og stogge opprøret [1]. Ein fredsavtale vart signert 20. september, arrangert av stormaktene, og Det osmanske riket fekk tildelt eit lite landområde ved grensa til Thessalía.

Denne krigen var den einaste konflikten mellom Hellas og Tyrkia i dette hundreåret der Hellas måtte gje frå seg land til Tyrkia.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Erick J. Zurcher, Turkey, A Modern History, Tauris London-New York, 2004, p. 83 ISBN 1-86064-958-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Engelsk litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ekinci, Mehmet Uğur. The Unwanted War: The Diplomatic Background of the Ottoman-Greek War of 1897. Saarbrücken: VDM, 2009. ISBN 978-3-639-15456-6.