Ípiros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ípiros
Ήπειρος
Plasseringa til Ípiros i Hellas
 
Land: Hellas
Hovudstad: Ioánnina
Periferieiningar: Ioánnina
Árta
Préveza
Thesprotía
Folketal: 358 698 (2005)
Areal: 9 203 km²
Folketettleik: 39 /km²
Heimeside: wwww.php.gov.gr

Ípiros (gresk Ήπειρος, albansk Epir) er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg nordvest i landet. Han grensar til Vest-Makedonía og Thessalía i aust, Ártabukta og Vest-Hellas i sør, Det joniske havet og Dei joniske øyane i vest og Albania i nord.

Ípiros omfattar dei tidlegare prefektura Ioánnina, Thesprotía, Árta og Préveza. Periferien har eit areal på 9 200 km² og ein folkesetnad på om lag 350 000. Hovudstaden og største by er Ioánnina med om lag 100 000 innbyggjarar. Folkesetnaden i dag er nesten utelukkande greskspråkleg og religionen er gresk ortodoks. Det er òg små romani-minoritetar der.

Innhaldsliste

[endre] Periferieiningar og kommunar

Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Ípiros delt inn i fire periferieiningar som omfattar 18 kommunar.

Periferieining Innbyggjarar Kommunar
Ioánnina 174 607 Ioánnina, Kónitsa, Pogóni, Zagóri, Métsovo, Zítsa, Nord-Tzoumérka, Dodóni
Árta 77 680 Árta, Sentral-Tzoumérka, Nikólaos Skoufás, Jeórjios Karaiskákis
Préveza 59 600 Préveza, Zirós, Párga
Thesprotía 46 811 Igoumenítsa, Soúli, Filiátes
Kommune Periferieining Areal Folketal Hovudsete
1   Ioánnina Ioánnina 402,0 97 657 Ioánnina
2   Kónitsa Ioánnina 949,9 9 294 Kónitsa
3   Pogóni Ioánnina 702,5 11 092 Kalpáki
4   Zagóri Ioánnina 995,3 6 032 Asprángeli
5   Métsovo Ioánnina 366,8 7 835 Métsovo
6   Zítsa Ioánnina 566,3 17 293 Eleoúsa
7   Nord-Tzoumérka Ioánnina 361,5 7 097 Prámanda
8   Dodóni Ioánnina 663,0 13 939 Ajía Kyriakí
9   Árta Árta 436,8 41 814 Árta
10   Sentral-Tzoumérka Árta 515,9 12 069 Vourgaréli
11   Nikólaos Skoufás Árta 225,9 15 235 Péta
12   Jeórjios Karaiskákis Árta 466.7 9 016 Áno Kalendíni
13   Préveza Préveza 381,6 27 684 Préveza
14   Zirós Préveza 386,2 16 494 Filippiáda
15   Párga Préveza 276,5 12 944 Kanalláki
16   Igoumenítsa Thesprotía 426,6 24 692 Igoumenítsa
17   Soúli Thesprotía 501,9 10 951 Paramythiá
18   Filiátes Thesprotía 590,6 10 448 Filiátes

[endre] Historie

Historisk strakk Ípiros seg lenger nord inn i dagens Albania. Det er framleis ein betydeleg gresk minoritet i det sørlege Albania, som grekarane kallar nordlege Ípiros. Hellas fastheldt eit territorielt krav til det sørlege Albania i mange år, men i dag har begge landa godkjent den noverande grensa. Hellas si største uro i dag er ulovleg innvandring av albanarar som søkjer arbeid i Hellas.

[endre] Geografi

Ípiros består hovudsakleg av fjellrekkjer som nokre stader når 2 600 moh. I aust formar Píndosfjella ryggrada i Hellas og skil Ípiros frå Makedonia og Thessalía. Mesteparten av Ípiros ligg på vindsida av Píndos. Vindane frå Det joniske havet gjev regionen meir regn enn nokon anna del av Hellas. Denne fordelen er sett tilbake av mangelen på dyrkbar mark og dårleg jordkvalitet. Resultatet er at landbruksproduksjonen i Ípiros alltid har vore blant dei dårlegaste i Hellas. Det vert dyrka tobakk rundt Ioánnina, og det er noko mjølkeproduksjon og fiske, men mesteparten av maten i området må importerast. Det har vorte jamt avfolka gjennom emigrasjon sidan 1800-talet pga. få ressursar og industriar. Folkesetnaden er konsentrert i området rundt Jonnina som har noko produksjon og serviceindustri. Trass i mange attraksjonar har ikkje Ípiros opplevd den turismen som mange andre delar av Hellas har.

[endre] Byar


Periferiar i Hellas
Attikí • Sentral-Hellas • Sentral-Makedonía • Kreta • Aust-Makedonía og Thráki • Ípiros • Dei joniske øyane • Dei nordlege egeiske øyane • Peloponnes • Dei sørlege egeiske øyane • Thessalía • Vest-Hellas • Vest-Makedonía 
Áthos (sjølvstyrt område i Gresk Makedonia)
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk