Thessalía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thessalía
Θεσσαλία
Plasseringa til Thessalía i Hellas
 
Land: Hellas
Hovudstad: Lárisa
Periferieiningar: Tríkala
Kardítsa
Lárisa
Magnisía
Sporadane
Folketal: 732 762 (2011)
Areal: 14 037 km²
Folketettleik: 52 /km²
Heimeside: www.pthes.gov.gr

Thessalía (gresk Θεσσαλία) er ein av tretten periferiar i Hellas. Han fell i hovudsak saman med den tradisjonelle regionen med same namn. Periferien omfattar dei tidlegare prefektura Tríkala, Lárisa, Kardítsa og Magnisía, og har Lárisa som hovudstad. I lag med områda Makedonia og Thráki vert området uoffisielt rekna som ein del av Nord-Hellas. Thessalía ligg sentralt i Hellas og grensar til Sentral-Makedonía og Vest-Makedonía i nord, Ípiros i vest og Sentral-Hellas i sør. I aust ligg Egearhavet.

Periferieiningar og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Thessalía delt inn i fem periferieiningar som omfattar 25 kommunar.

Periferieining Innbyggjarar Kommunar
Tríkala 131 085 Kalambáka, Pýli, Tríkala, Farkadóna
Kardítsa 113 544 Arjithéa, Mouzáki, Límni Plastíra, Kardítsa, Palamás, Sofádes
Lárisa 284 325 Elassóna, Týrnavos, Témbi, Ajá, Lárisa, Kilelér, Fársala
Magnisía 190 010 Rígas Feréos, Vólos, Zagorá-Mourési, Sør-Pílio, Almyrós
Sporadane 13 798 Skiáthos, Skópelos, Alónnisos
Kommune Periferieining Areal Folketal Hovudsete
1   Lárisa Lárisa 335,1 162 591 Lárisa
2   Kalambáka Tríkala 1 650,2 21 991 Kalambáka
3   Pýli Tríkala 747,7 14 343 Pýli
4   Tríkala Tríkala 608,5 81 355 Tríkala
5   Farkadóna Tríkala 370,2 13 396 Farkadóna
6   Arjithéa Kardítsa 365,6 3 450 Anthiró
7   Mouzáki Kardítsa 307,8 13 122 Mouzáki
8   Límni Plastíra Kardítsa 195,2 4 635 Morfovoúni
9   Kardítsa Kardítsa 647,6 56 747 Kardítsa
10   Palamás Kardítsa 383,2 16 726 Palamás
11   Sofádes Kardítsa 728,8 18 864 Sofádes
12   Elassóna Lárisa 1 588,1 32 121 Elassóna
13   Týrnavos Lárisa 516,3 25 032 Týrnavos
14   Témbi Lárisa 577,0 13 712 Makrykhóri
15   Ajá Lárisa 668,3 11 470 Ajá
16   Kilelér Lárisa 975,3 20 854 Níkea
17   Fársala Lárisa 736,0 18 545 Fársala
18   Rígas Feréos Magnisía 549,8 10 922 Velestíno
19   Vólos Magnisía 387,1 144 449 Vólos
20   Zagorá-Mourési Magnisía 150,5 5 809 Zagorá
21   Sør-Pílio Magnisía 369,4 10 216 Argalastí
22   Almyrós Magnisía 473,9 18 614 Almyrós
23   Skiáthos Sporadane 49,9 6 088 Skiáthos
24   Skópelos Sporadane 96,2 4 960 Skópelos
25   Alónnisos Sporadane 129,6 2 750 Patitíri

Periferi og periferieiningar[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle regionen fell i hovudsak saman med periferien Thessalía med desse periferieiningane:

Periferi Hovudstad Areal Folketal
Totalt Thessalía
består av:
Lárisa 14 037 km² 732 762
1 Periferieininga Tríkala Tríkala 3 384 km² 131 085
2 Periferieininga Kardítsa Kardítsa 2 636 km² 113 544
3 Periferieininga Lárisa Lárisa 5 381 km² 284 325
4 Periferieininga Magnisía Vólos 2 351 km² 190 010
5 Periferieininga Sporadane 275 km² 13 798
Totalt Thessalía 14 037 km² 732 762[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografien i området består av ein ring av fjell rundt låglandet på Den thessaliske sletta. Området kan få noko regn om sommaren, noko som gjer frodige forhold for jordbruk. Thessalía vert av den grunn stundom kalla «brødkorga til Hellas». Fjella Khásia og Kamvoúnia ligg i nord, Ólymbosmassivet ligg i nordaust. I vest ligg fjellkjeda Píndos og i søraust kystfjella Óssa og Pílio.

Fleire sideelvar til Piniós renn gjennom området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Thessalía hadde ein omfattande steinalderkultur rundt år 2500 fvt. Mykenske busetnadar har óg vorte oppdaga, til dømes ved Iolkos, Dimini og Sesklo (nær Vólos). I antikken vart låglandet i Thessalía heimstad for baronfamiliar, som Alevad av Larissa eller Skopad av Krannon. Desse familiane organiserte eit forbund i Thessalía, og kontrollerte seinare Det amfiktyoniske forbundet i Nord-Hellas.

Under dei gresk-persiske krigane slo alevadane seg saman med persarane. Jason av Ferae omforma ei kort stund området til ei viktig militærmakt, men han vart myrda før han klarte å oppnå varige gjerningar. På 300-talet fvt. vart Thessalía avhengig av Makedonia og vart ein vassal under dei. I 148 fvt. vart Thessalía ein del av Provinsen Makedonia i Romarriket, men i år 300 vart Thessalía ein eigen provins med Lárisa som hovudstad. Han vart ein del av Austromarriket fram til 1200-talet, då store området var kontrollert av vlakhar. Etter det fjerde krosstoget vart Thessalía ein del av Kongedømet Thessalonika, men i 1215 vart det igjen erobra av Theodore Komnenos Doukas og vart eit sjølvstyrt område styrt av denne familien. Dynastiet enda i 1318 og vart etterfulgt av ein periode med austromersk og slavsik herredøme. Etter enno ein periode med sjølvstende vart Thessalía til slutt erobra av Det osmanske riket i 1394. I 1881 avstod osmanarane det meste av Thessalía til Hellas.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]


Periferiar i Hellas
Attikí • Sentral-Hellas • Sentral-Makedonía • Kreta • Aust-Makedonía og Thráki • Ípiros • Dei joniske øyane • Dei nordlege egeiske øyane • Peloponnes • Dei sørlege egeiske øyane • Thessalía • Vest-Hellas • Vest-Makedonía 
Áthos (sjølvstyrt område i Gresk Makedonia)