Árta
| Árta | ||
|---|---|---|
| Den gamle brua i Árta | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Periferi Periferieining |
Ípiros Árta |
|
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
47,973 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
23 863 497/km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 30 m | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 471 00 | |
| Telefon-retningsnummer | 26810 | |
| Bilnummer | AT | |
| Heimeside: www.arta.gr | ||
Árta (gresk Άρτα) er ein by i periferieininga med same namn i Ípiros nordvest i Hellas. Byen er òg hovudstad i prefekturet. Byen vart i antikken kalla Amvrakía (gresk Αμβρακία). Árta er kjend for den gamle brua over elva Árakhthos, som ligg vest for sentrum. Árta har òg mange ruinar frå antikken og eit gamalt slott frå 1200-talet, eit av dei best bevarte i Hellas. Den rike austromerske historia kan ein òg sjå av dei mange austromerske kyrkjene som ligg her. Den mest kjende av desse er kanskje Panajía Parigorítissa, bygd kring 1290 av despoten Nikeforos.
Árta ligg ved Ártabukta som er kalla opp etter byen.
[endre] Historie
Det oppstod ein busetnad her omkring 800-talet fvt. og Amvrakía vart grunnlagd av korintarane på 600-talet fvt..
I 295 fvt. gjorde Pyrrhus av Ipiros, konge over molossarane, Amvrakía til hovudstad i kongedømet sitt. Han nytta byen som base då han gjekk til åtak på romarane. Pyrrhus vann store, men dyrekjøpte, sigrar mot romarane og vart kjend for uttrykket «pyrrhussiger», som referer til ei utveksling under slaget ved Asculum. I 146 fvt. vart Amvrakía ein del av Romarriket og provinsen Ípiros vart gjeve namnet Epirus Vetus, for å skilje han frå Epirus Nova i aust. Byen er ikkje nemnd under namnet Árta før 1082.
I 1204, etter Konstantinopel sitt fall under det fjerde krosstoget, vart han hovudstad i despotatet Ipiros. Despotatet strakk seg opp til Dyrrahio og inkluderte heile det nordvestlege Hellas, Thessalía og dei nordvestlege områda av Gresk Makedonia. Grunnleggaren var Mikael I Aggelos Komninos Doukas (1205-1215), ein slektning av den austromerske keisarfamilien Komninos. Etter korte periodar under dynastiet til italienarane Orsini (1318-1337), albanske klanar (1359-1416) og italienske herskarar (Carlo II Tocco, Leonardo III Tocco), erobra Det osmanske riket byen i 1449. Byen vart frigjeve frå osmanarane og annektert av Hellas i 1881 etter Berlintraktaten.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Arta, Greece frå Engelsk Wikipedia .