Den moraviske porten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den moraviske porten eller Den mähriske porten (tsjekkisk Moravská brána, polsk Brama Morawska, tysk Mährische Pforte) er eit geomorfologisk området i Mähren i Tsjekkia. Det har oppstått i eit søkk mellom Vest-Karpatane og Aust-Sudetane. Vasskiljet mellom elvane Oder og Bečva kryssar området.

Det strekkjer seg frå Mähren og om lag 65 km nordaustover mot Schlesien. Det grensar til området der elva Olza renn i saman med Oder i nord.

Den moraviske porten har vore ein naturleg fjellovergang mellom Sudetane og Karpatane sidan antikken. Her gjekk dei fleste viktige handelsruter frå Sør-Europa til Austersjøen (t.d. Ravvegen). samt ruter frå Veslepolen til Tsjekkia. Den viktigaste byen ved Den moraviske porten er i dag Ostrava. Nær nordenden av området, i Polen, ligg dei to byane Racibórz og Wodzisław Śląski.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°40′N 18°00′E