Den norske kyststraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den norske kyststraumen eller Norskestraumen er ein havstraum som renn nordaustover langs norskekysten i ei djupne på mellom 50 og 1000 meter. I motsetnad til Den nordatlantiske straumen er denne kaldare og mindre salt, fordi det meste av vatnet kjem via Den baltiske straumen frå brakkvatnet i Austersjøen, samt dei norske fjordane og elvane. Han er derimot langt varmare og saltare enn Nordishavet. Vintertemperaturen i Den norske kyststraumen er typisk mellom 2 og 5 ºC, medan temperaturen i Atlanterhavsstraumen er over 6 ºC.

Den norske kyststraumen startar om lag ved Langesundsfjorden, rundar kysten og renn nordaustover frå nord for Skottland, rundt kysten av Noreg og inn i Barentshavet. Han er både vinddriven, vatn som stuvar seg opp langs norskekysten av sørvestleg vind, og driven av saltfordelinga, som igjen skapar tettleiksgradientar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Straumen består hovdusakleg av utstrøyming frå Austersjøen via Den baltiske straumen (50 % ferskvatn), som renn via Skagerrak og ut i Nordsjøen, der han renn i saman med ei grein av Golfstraumen.[1] Skagerrak tar imot om lag 2100 m3/s med ferskvatn, 75 % frå Den baltiske straumen, 15 % frå Nordsjøen og 10 % frå elvar og fjordar i Noreg og Sverige.[1] Kyststramen vert stundom rekna som eit framhald av Den baltiske straumen[2] og er ei stor ferskvasskjelde for Barentshavet og Nordishavet. Han vert danna av ei grein av Atlanterhavsstraumen som renn inn i Nordsjøen og sirkulerer kring Nordsjøen langs Norskerenna, der han tar opp fersk- og brakkvatn. Han er ein overflatestraum som går ned til ei djupne på 50-100 meter.[3][4][5]

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Salinitet[endre | endre wikiteksten]

Den norske kyststraumen er ein varm straum der både saltinnhaldet og temperaturen varierer, og dermed tettleiken. Ferskvasstilførsla er størst om sommaren og minst om vinteren, og medverkar til variasjonen i saltinnhaldet. I snitt er saltinnhaldet 34,5 psu (promille); men kystvatnet er litt mindre salt (32-31 psu) og grensevatnet til straumen er noko saltare med 35 ppt.[2]

Temperatur[endre | endre wikiteksten]

Den gjennomsnittlege vintertemperaturen i Norskestraumen er om lag 3,5 °C[3][6] og varierer frå 2 til 5 °C, medan han om sommaren er varmare, sidan kjeldene (Austersjøen, dei norske fjordane og elvane) er varmare.

Snøggleik[endre | endre wikiteksten]

Styrken til straumen varierer mykje, og kan varierer frå så lite som 20 cm/s til 100 cm/s på det meste[1]. Den vanlege snøggleiken er typisk 30 cm/s.[7]

Effekt på klimaet[endre | endre wikiteksten]

Den norske kyststraumen er kjøligare og ferskare enn atlanterhavsvatnet som renn inn Nordsjøen via Golfstraumen, men er varmare og saltare enn vatnet i Nordishavet, der han til slutt endar opp. Straumen fløgjer generelt Norskerenna og kanaliserer varmt vatn rundt norskekysten. Utvekslinga av energi mellom atmosfæren og havoverflata fører generelt til at det vert overført varme frå havoverflata til atmosfæren, slik at straumen har ein modererande effekt på klimaet i Noreg, og gjer det våtare og varmare enn det ville vore utan straumen. I tillegg fører straumen varmare vatn inn i Barentshavet, og hindrar ismengda som kan oppstå der.[3]

Effekt på fiske[endre | endre wikiteksten]

Straumen fører varmare, næringsrikt vatn langs kysten av Noreg, og gjev gode tilhøve for fiske av torsk, sild og lodde. Vinddriven oppvelling i Skagerrak fører mykje næringsrikt vatn til overflata, som så vert ført langs kysten. Noreg har eit av dei største fiskeria i verda og haustar kring tre millionar tonn fisk kvart år. Norskekysten er òg eit viktig gyteområde for mykje kommersiell fisk.[1]

Kystvassmassar[endre | endre wikiteksten]

Straumen er dominert av to hovudvassmassar, vassmassane frå norskekysten og vassmassar frå Atlanterhavet. Det atlantiske vatnet er saltare, med kring 35 ppt, medan kystvatnet er mindre salt. Straumen er lagdelt for temperatur og saltinnhald.

Klimaendringar[endre | endre wikiteksten]

1990-åra var eit uvanleg tiår for klimavariasjonar. Kvart år var varmare enn normale, og produserte våte, varme vintrar og varme somrar i Noreg. Dette har ført til fleire nedbørsekstremar og endringar i fiskestammen. Varmare luft på grunn av globale klimaendringar kan føre til kraftigare sørvestleg vind som stuvar opp meir vatn langs norskekysten. Trykkskilnader skapar stormflod som har ført til episodar med særs høg vasstand langs kysten i nyare år.[1] Temperaturane har òg stige i dei djupaste vasslaga langs kysten. Temperaturauken har ført til mindre sjøis go ført meir ferskvatn inn i Norskehavet, der saltinnhaldet generelt har minka. Denne minken i saltinnhald kan føre til endringar i det kalde atlanterhavsvatnet som søkk ned mot botn i nord, og slik hindre at det vart danna botnvatn, og igjen redusere tilførselen av atlanterhavsvatn til dei norske havområda.[1] Om tilførselen frå Atlanterhavet vert redusert, kan klimaet verte kjøligare i Noreg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Saetre, Roald, ed. 2007. The Norwegian Coastal Current—Oceanography and Climate. Tapir Academic Press; Trondheim. ISBN 8251921848
  2. 2,0 2,1 Mork, M. (1981). «Circulation Phenomena and Frontal Dynamics of the Norwegian Coastal Current». Philosophical Transactions of the Royal Society A: Mathematical, Physical and Engineering Sciences 302: 635. doi:10.1098/rsta.1981.0188. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Gyory, Joanna , Arthur J. Mariano, Edward H. Ryan. 2001–2008. "The Norwegian & North Cape Currents." Ocean Surface Currents.
  4. Helland-Hansen, B., and F. Nansen, 1909: The Norwegian Report on Norwegian Fishery and Marine-Investigations, 2, 1–359.
  5. Ikeda, M.; Johannessen, J.A.; Lygre, K.; Sandven, S. (1989). «A Process Study of Mesoscale Meanders and Eddies in the Norwegian Coastal Current». Journal of Physical Oceanography 19: 20. doi:10.1175/1520-0485(1989)019<0020:APSOMM>2.0.CO;2. ISSN 1520-0485. 
  6. Saetre, R., and R. Ljoen, 1972: The Norwegian Coastal Current. Proceedings of the First International Conference on Port and Ocean Engineering, vol.1, s.514–535.
  7. Haugan, Peter M.; Evensen, Geir; Johannessen, Johnny A.; Johannessen, Ola M.; Pettersson, Lasse H. (1991). «Modeled and Observed Mesoscale Circulation and Wave-Current Refraction During the 1988 Norwegian Continental Shelf Experiment». Journal of Geophysical Research 96: 10487. Bibcode 1991JGR....9610487H. doi:10.1029/91JC00299. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 67°N 3°E