Langesundsfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjordsystemet i Grenland
Langesundsfjorden eller Breviksfjorden er eit fjordstykke mellom øyane Sandøya, Bjørkøya og Siktesøya i Porsgrunn kommune og fastlandet i Bamble kommune, begge i Telemark. Fjordstykket strekk seg om lag 5 km fra sundet Langesund og inn til Brevik, der han deler seg i Frierfjorden og Eidangerfjorden.
I mellomalderen var namnet på denne fjorden Grenmar, etter folkeslaget grenane som heldt til her, og mar som er norrønt for hav. Seinare, til langt ut på 1700-talet, vart heile strekninga frå Langesundgapet og opp til Skien kalla «Langesundfjorden».
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Breviksfjorden» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2008.