Den palestinske frigjeringsorganisasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) (arabisk: منظمة التحرير الفلسطينية, engelsk: Palestinian Liberation Organization) er ein organisasjon som vart oppretta den 29. mai 1964 i Aust-Jerusalem, som den gongen var ein del av Jordan, etter initiativ frå den arabiske ligaen. Frå grunnlegginga heiter det at «palestinske arabarar har legitim rett til heimlandet sitt». Samtidig som PLO vart grunnlagd, vart også den palestinske frigjeringshæren (PLA) oppretta.

PLO fungerer som ein paraplyorganisasjon for fleire frigjeringsgrupperingar i Palestina-området; mellom andre Fatah og folkefronten for frigjering av Palestina.» Organisasjonen har, fram til Hamas vann fleirtal i eit demokratisk val i dei palestinske sjølvstyresmaktene, kravd og fått aksept for retten til å vere den einaste representanten for det palestinske folket i internasjonale fora.

Yasir Arafat var leiaren av PLO frå 1968 fram til han døydde den 11. november 2004, og Mahmoud Abbas tok over som leiar. Abbas vart òg seinare vald til president i Palestina.

I 1996 gjorde PLO eit intensjonsvedtak om at PLO-charteret skulle endrast, slik at utslettinga av staten Israel ikkje lenger var eit uttala mål. Intensjonsvedtaket vart ikkje følgt opp, og PLO-charteret er framleis ikkje formelt endra (2007).

Regjeringa før den siste krisa i dei palestinske områda utgjekk frå ein organisasjon som står på utsida av PLO-systemet, Hamas. Det er no (pr. 2009) konflikt mellom PLO, med Fatah i brodden, og Hamas.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]