Den vesle Bibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den vesle Bibelen er ei nemning for eit bibelvers, Joh. 3,16.

Verset skal i følgje Bibelen vere talt av Jesus i ein samtale med farisearen Nikodemus.[1] Utsegna er rekna som ei oppsummering av kjernepunktet i kristen lære. I liturgien i Den norske kyrkja kan ordet verte lese før dåpen,[2] og det vert òg lese innleiingsvis i gravferdslitugien.[3] Det er òg vanleg at konfirmantar lærar bibelordet utanboks i samband med konfirmasjonsundervisninga.

I Den norske kyrkja inngår bibelverset i preiketeksten andre pinsedag.

Ulike omsetjingar av Joh. 3,16[endre | endre wikiteksten]

Utgåve År Johannes 3,16
Gresk Første hundreåret Οὕτως γὰρ ἠγάπησεν ὁ Θεὸς τὸν κόσμον, ὥστε τὸν Υἱὸν τὸν μονογενῆ ἔδωκεν, ἵνα πᾶς ὁ πιστεύων εἰς Αὐτὸν μὴ ἀπόληται ἀλλ᾽ ἔχῃ ζωὴν αἰώνιον.
Latin (Vulgata) 4. hundreåret «Sic enim Deus dilexit mundum, ut Filium suum unigenitum daret: ut omnis qui credit in eum, non pereat, sed habeat vitam æternam.»
Det Brittiske og Udenlandske Bibelselskab 1879 «Thi saa haver Gud elsket Verden, at han haver givet sin Søn, den eenbaarne, paa det at hver den, som troer paa ham, ikke skal fortabes, men have et evigt Liv.»
Studentmållagsbibelen 1921 «For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv.»
Bibelselskapet 1938 1938 «For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på han, ikkje skal verta fortapt, men hava æveleg liv.»
Det Norske Bibelselskap 1978/85 = 2005 «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»

Tilvisingar[endre | endre wikiteksten]

Verset i Joh. 3,16 viser til Rom. 5,8,[4] Rom. 8,32[5] 1. Joh. 4,9 [6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]