Konfirmasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bøn for kvar konfirmant i ein norsk konfirmasjon i 2004.
Foto: Pål Berge
Konfirmasjonen, Illustrasjon til Petrus Canisius Catechismus av 1679 (katolsk).

Konfirmasjon (av latin confirmare, «å styrke saman») er eit opphavleg kriste ritual som lenge er blitt brukt til å markera overgangen frå barn til vaksen. I nokre trussamfunn vert konfirmasjonen rekna som eit sakrament, i andre som ein ikkje-sakramental stadfesting eller styrking av konfirmanten, eller som ei forbønshandling.

Konfirmasjonen markerer i norsk folkeleg tradisjon overgangen frå barn til vaksen, noko som har ein klar samanheng med at konfirmasjonen i fleire hundreår var knytt til skuleavslutninga og at konfirmasjon var ein føresetnad for å kunne inngå ekteskap, eller å kunna tre inn i arbeidslivet. Konfirmasjonen gav ny status som blei markert med nye klede, til dømes ei særskild lue for ugifte kvinner, eller ein heil drakt. Det er og har vore vanleg å få den første dressen eller ein bunad til konfirmasjonen.

Kyrkjekonfirmasjon[endre | endre wikiteksten]

I Den katolske kyrkja er konfirmasjon rekna som eit sakrament. Etter reformasjonen vart konfirmasjonen avskaffa som sakrament i Danmark-Noreg, men han vart gjeninnført som ein del av innføringa av grunnskule for alle. I Noreg vart konfirmasjonen lovfesta i 1736. Alle skulle i løpet av ungdomstida få undervisning i den kristne truslæra, og når dei hadde tileigna seg den viktigaste kunnskapen, skulle undervisninga avsluttast med ein ei offentleg kyrkjeleg seremoni. Med påbodet vart konfirmasjonen eit juridisk vilkår for full inntrede blant dei vaksne i samfunnet. Ingen kunne bli kalla ut til militærteneste, inngå ekteskap, vere fadder ved dåp eller vitne i retten utan å vere konfirmert.

Grunnlaget for det konfirmantane skulle lære, var samla i biskop Erik Pontoppidans bok Sandhed til Gudfrygtighet. Boka presenterte 759 forklaringar på bibelske tekstar, og under eksaminasjonen i kyrkja skulle konfirmanten vere i stand til å gi svara att ordrett. I 1912 vart konfirmasjonen frivillig, og med altarboka frå 1920 vart løfteavlegginga utelaten.

I Den norske kyrkja er konfirmasjonen rekna som ei forbønshandling der Gud stadfester konfirmanten. Vel så viktig som sjølve konfirmasjonshandlinga, er konfirmasjonsopplæringa, der konfirmantane får lære meir om seg sjølv, om Gud og om kristen tru, samtidig som dei skal få høve til å diskutere nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre.[1]

Humanistisk (humanetisk) konfirmasjon[endre | endre wikiteksten]

I humanistisk konfirmasjon (tidlegare kalla borgarleg konfirmasjon) tar ein utgangspunkt i eit ikkje-religiøst, sekulært verdsbilete, og har til hensikt å støtte og styrke konfirmanten, samtidig som ein tar føre ei symbolsk markering av overgangen frå barn til vaksen. I forkant av den humanistiske konfirmasjonen går konfirmanten gjennom eit kurs der temaa kan vere menneskerettar, identitet, ungdom og samliv, rus, ansvar for verden, livssyn og humanisme, verdsreligionar, med meir. Den avsluttande markeringa finn gjerne stad i rådhus eller kulturhus, og inneheld som regel ei høgtideleg prosesjon, helsingstale, kulturinnslag og utdeling av kursbevis.

Humanistisk konfirmasjon vert arrangert av Human-Etisk Forbund. Dei fleste deltakarane fyller 15 år i løpet av det året konfirmasjonen finn stad. Namneskiftet frå borgarleg til humanistisk skjedde ved vedtak av Landsmøtet i Human-Etisk Forbund i september 2005, etter at det i forbundet hadde vokse fram ei overtyding og ein politikk om at uttrykket humanistisk bør verte sett på som eit synonym for human-etisk, og hadde tatt ordet humanistisk i denne tydinga i ei rekke samanhengar for å få gjennomslag for ei slik språkforståing på norsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konfirmasjon

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]