Der Eigene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Der Eigene, med undertittelen „ein Blatt für männliche Kultur“ blir rekna som det første regelmessig utkommande tidsskriftet for Homoseksuelle i verda. Bladet utkom mellom 1896 og 1932 og redaktør var Adolf Brand (1874−1945). Dei første ti utgåvene kom ut ein gong i kvartalet, seinare kom Der Eigene ut kvar månad, med visse avbrot.

Namnet er truleg inspirert av den tyske anarkisten Max Stirners verk „Der Einzige und sein Eigentum“. I starten var også filosofien til Stirner og anarkistiske tema i sentrum, men seinare forsvann dette elementet nesten heilt. Frå 1898 inneheldt Der Eigene i hovudsak dikt, prosa-tekstar, aktfotografi og teikningar. Tidsskriftet hadde bidrag frå mellom anna Benedict Friedlaender, Klaus og Thomas Mann, Theodor Lessing, Erich Mühsam, Ernst Burchard og Karl-Günther Heimsoth.

Tidsskriftet blei fleire gonger truga av sensur, men først etter fleire gjennomsøkingar og beslag i huset til Brand i Berlin etter at nazistane kom til makta i 1933, gjekk tidsskriftet inn.

Tidsskriftet hadde bidrag frå heile det politiske spektrumet, men Brands vekt på homoseksualitet hos maskuline menn, gav seg utslag i strid med den mest prominente representanten for den tyske homorørsla, Magnus Hirschfeld. Enkelte bidrag hadde til dels også eksplisitte antisemittiske trekk, noko som særleg var tydeleg i den seinare nazisten Karl-Günther Heimsoth sine bidrag på 1920-talet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Joachim S. Hohmann (red.), Der Eigene. Ein Blatt für männliche Kultur. Ein Querschnitt durch die erste Homosexuellenzeitschrift der Welt. Mit einem Beitrag von Friedrich Kröhnke. Foerster Verlag, Frankfurt/M. und Berlin 1981.
  • Marita Keilson-Lauritz og Rolf F. Lange (red). Emanzipation hinter der Weltstadt. Adolf Brand und die Gemeinschaft der Eigenen Müggel-Verlag, Berlin-Friedrichshagen 2000.