Det færøyske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det færøyske flagget.
Det fyrste, originale flagget heng no i Fámjins kirkja.

Det færøyske flagget (på færøysk kalla Merkið, «Merket») er eit nordisk krossflagg, fyrst presentert den 22. juni 1919 og offisielt i bruk sidan 1940.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Merkið vart laga av tre færøyske studentar i København våren 1919: Jens Olivur Lisberg, Janus Øssursson og Pauli Dahl. Kjartan Mohr var den fyrste som bar flagget offentleg i København. Flagget vart sendt til Færøyane i juni same år og vart fyrst heist i Fámjin den 22. juni 1919.[1][2]

Til Ólavsøka i 1930 vart flagget teke i bruk i eit offisielt høve, og frå 1931 kom flagget i vanleg bruk, do framleis uoffisielt. Bruken var ei kjelde til usemje mellom dei danske og færøyske styresmaktene igjennom 1930-talet. Då Danmark vart okkupert av tyske styrkar den 9. april 1940, tok britiske styrkar kontroll over Færøyane. Det vart då naudsynt å etablera ein flaggskikk som skilde skip frå britisk-kontrollerte område frå danske/tyske-kontrollerte skip. Den 25. april 1940 anerkjende Storbritannia Merkið som det færøyske flagget.

Sidan 1947 har 25. april vore nasjonal høgtidsdag til minne om flagget.

Med Hjemmestyreloven av 23. mars 1948 vart flagget anerkjent som det offisielle flagget på Færøyane.

Proporsjonar[endre | endre wikiteksten]

Proporsjonane til det færøyske flagget er 6-1-2-1-12 (lengd) og 6-1-2-1-6 (høgd).[3] Proporsjonane er dei same som det norske flagget.

Fargesymbolikk[endre | endre wikiteksten]

Den kvite botnfarga skal representera den klåre himmelen, og skumtoppane på bylgjene som slår mot kysten. Raudt og blått er fargene som finst på tradisjonelle hovudplagg frå øyane, og er samstundes ei anerkjenning av sambanda til Island og Noreg, som nøyter dei same fargene i flagga deira.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hansen, Uni L. (2. juni 2019). «100 ára hátíðarhald fyri Merkinum í Keymannahavn» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 23. august 2021. 
  2. Mohr, Mouritz (24. april 2020). «Kenslan hevur ongantíð verið so sterk sum júst nú» (på færøysk). in.fo. Henta 23. august 2021. 
  3. «Færøernes flag | Nordisk samarbeid», www.norden.org (på norsk bokmål), henta 4. mars 2024 
  4. Smith/Neubecker: Wappen und Flaggen aller Nationen. München 1981; ISBN 3-87045-183-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det færøyske flagget