Det japanske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det japanske nasjonalflagget

Det japanske flagget er eit kvitt, rektangulært flagg med ein raud sirkel i sentrum, som er symbol for solskiva. Flagget er offisielt kalla Nisshōki (日章旗 «solmerke-flagget»)japansk, men er mest kjent som Hinomaru (日の丸 «solskiva»).

Flagget bygger på tradisjonar som er fleire hundre år gamle; ifylgje ei legende skal det ha røter attende til den namngjetne buddhistmunken Nichiren på 1200-talet. Flagget vart offisielt godkjent som orlogsflagg 1854, som stats- og handelsflagg 1870 og som nasjonalflagg 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.