Det aserbajdsjanske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det aserbajdsjanske flagget i dag, og i perioden 1918–1920
Flagget til den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken 1952–1991

Det aserbajdsjanske flagget er sett saman av tre horisontale linjer i fargane blå, raud og grøn rekna ovanfrå, med ein kvit halvmåne og ei åttetagga stjerne midt på den raude linja. Dei åtte taggane på stjerna representerer dei åtte greinene av det tyrkiske folket, og tyrkarane er også symboliserte ved den blå fargen. Den grøne fargen representerer islam, og den raude står for framgang og utvikling. Flagget vart offisielt teke i bruk 5. februar 1991. Eit liknande flagg var også i bruk seint på 1910-talet, fram til Aserbajdsjan vart annektert av Sovjetunionen.

Under Sovjet-perioden hadde Aserbajdsjan fire ulike flagg. I perioden 1921–1937 eit raudt flagg med dei kyrilliske bokstavane ССРА (SSRA) i gull i det øvre venstre hjørnet. Deretter fekk flagget hammar og sigd, og bokstavane vart bytte til AzSSR skrivne med latinske bokstavar. I 1940 vart dei latinske bokstavane bytte ut med dei kyrilliske АзССР (AzSSR). Den siste utgåva av flagget vart vedteken 7. oktober 1952 og var raud med ei tynn blå stripe nedst. Bokstavane vart fjerna, og i staden vart omrisset av ei stjerne plassert over hammaren og sigden.


Den nest høgaste flaggstonga i verda står i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. På flaggstonga heng verdas største flagg.[1] Flaggstonga er 162 meter høg, medan flagget måler 70 x 35 meter og veg 350 kg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]