Det bhutanske flagget
Det bhutanske flagget er skrådelt gult og oransje, med ein oppstigande drake i skrålinja. Proporsjonane er 2:3.
Den safrangule fargen i flagget til Bhutan symboliserer kongen, som berar av den verdslege makta. Den oransje fargen står for buddhismen.
Bhutanarane kallar sjølve landet sitt for Druk Yul - toredrakens land. Draken har vore brukt som symbol for landet heilt sidan ca. 1200. Draken har juvelar i klørne som eit uttrykk for rikdom og fullkome.
Historie [endre]
Ein tidleg, kvadratisk versjon av flagget vart brukt i 1949, ved ein seremoni knytta til underteikninga av avtalen mellom India og Bhutan. Fargane var til dels dei same som i dag, men draken var grøn. Ein ny versjon vart tatt i bruk i 1956: kvit drake, og raudbrun og skarp gul farge.
Det er uvisst når dagens versjon vart innført, men styresmaktene i landet seier at den dåverande kongen Jigme Dorji Wangchuk fastsette dagens fargar i 1968 eller 1969. Skikken med å heise flagget framfor offentlege bygg vart innført av kongen i 1968, og eit flaggreglement vart vedteke av nasjonalforsamlinga i 1972.
Bakgrunnsstoff [endre]
- The Origin and Description of the National Flag and Anthem of the Kingdom of Bhutan pdf-bok, 43 sider - med bilete av tidlegare versjonar
- Flags of the world
|
|
|
|---|---|
| Afghanistan · Armenia · Aserbajdsjan · Aust-Timor · Bahrain · Bangladesh · Bhutan · Brunei · Burma · Dei sameinte arabiske emirata · Filippinane · Georgia · India · Indonesia · Irak · Iran · Israel (Palestina) · Japan · Jemen · Jordan · Kambodsja · Kasakhstan · Kina (Hong Kong · Macao) Kirgisistan · Kuwait · Kypros · Laos · Libanon · Malaysia · Maldivane · Mongolia · Nepal · Nord-Korea · Oman · Pakistan · Qatar · Russland · Saudi-Arabia · Singapore · Sri Lanka · Syria · Sør-Korea · Tadsjikistan · Taiwan · Thailand · Turkmenistan · Tyrkia · Usbekistan · Vietnam |