Det karelske neset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det karelske neset

Det karelske neset (russisk Карельский перешеек - Karelskij peresjejek, finsk Karjalankannas, Finsk språkråd har nyleg tilrådd forma Karjalankannas), er eidet mellom innsjøen Ladoga og Finskebukta. Den viktigaste byen her er Viborg som ligg djupt inne i den godt verna Viborgbukta i Finskebukta, nord for sjølve neset. Området ligg i dag i Russland. Sør for Det karelske neset ligg Sankt Petersburg.

Før den andre verdskrigen var Viborg og ein stor del av eidet ein del av Finland, som vart tvunge til å avstå dette til Sovjetunionen i fredsforhandlingane etter vinterkrigen og framhaldskrigen. Ein stor del av den finske folkesetnaden vart då evakuert til Finland og Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]