Det store barriererevet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein del av det store barriererevet sett frå helikopter.
Satellittbilde av revet.

Great Barrier Reef, det store barriererevet, er det største korallrevet i verda, og ligg ved kysten av Queensland nordaust i Australia. Revet er om lag 2000 km langt, og kan sjåast frå verdsrommet.

Revet vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1981, og store delar av det er verna av Great Barrier Reef Marine Park. Revet vart det største havreservatet i verda då det australske miljøverndepartementet utvida det verna området frå 4,5 % av revet til 33,3 % den 1. juli 2004.

Sidan det er bygd opp av mange levande korallar, vert det store barriererevet av og til kalla den største levande organismen i verda. Dette er ikkje heilt rett, ettersom korallane dannar mange ulike koloniar.

Gjestar ved revet[endre | endre wikiteksten]

James Cook var den første europearen som såg Det store barriererevet. Han oppdaga det då han rann på grunn der den 11. juni 1770. Seinare har det trekt til seg turistar som gjerne vil dykka i det varme, klare vatnet og sjå dei mange ulike artane som finst der. Fleire øyar i området har turisme som hovudnæring, og mange byar langs kysten av Queensland tilbyr daglege turar til revet.

Miljøtrugsmål[endre | endre wikiteksten]

Det største trugsmålet mot det store barriererevet og andre tropiske korallrev er stigande havtemperaturar. Mange av korallane lever nær dei øvste grensene for kva temperaturar dei kan tola. Dersom vatnet er for varmt i for lang tid, vil desse korallane driva ut zooanthellaer som driv fotosyntesen deira. Berre det kvite korallskjelettet blir igjen, og korallen vil etterkvart døy. Dette skjedde om sommaren i 1998 og 2002, då fleire korallar blei kvite.

Aukande temperaturar kan få heile økosystem til å bryta saman, slik dei har gjort med fleire korallrev i tropane. Klimaendringane kan òg føra til meir ekstremt vêr, men korallreva er hardføre når det gjeld tropiske stormar.

Tornekroner, sjøstjerner som et korall kan veksa fort i antal dersom økosystemet i reva kjem ut av balanse. Fleire delar av barriererevet har vorte hardt skada av sjøstjerneåtak i dei siste tiåra.

Landbruksutslepp, særleg frå sukkerplantasjar, har òg verka inn på revet med avleiringar og korallbleiking. Den australske sukkerindustrien fall nyleg nesten saman, men ein veit ikkje kva dette vil seia for barrierevet.

Det store talet menneske som kvart år vitjar revet er òg eit problem. Populære område, som Green Island, har fått store skadar som følgje av turisme.