Diser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Diser (norr. dís, fl. dísir) er ei nemning brukt om ulike gudinner i norrøn mytologi. Disene opptrer gjerne i fleirtal, og er ofte knytte til skjebne og vern. Gruppa omfattar mange lågare guddommar, som norner og valkyrjer, men «dis» kan også brukast om mektigare skikkelsar som gudinna Frøya.

Namn[endre | endre wikiteksten]

«Diser» kan ofte vera valkyrjer, men omgrepet er også brukt om fylgjer og norner i norrøne tekstar. Ordet dis er i slekt med fleire germanske ord som tyder '[høgtståande] kvinne', som gammalhøgtysk itis, gammalsaksisk idis og angelsaksisk ides. Det er gjort fleire framlegg om at det var den opphavlege nemninga for valkyrjer, eit ord som eigentleg er ein kenning (med tydinga 'veljarar av drepne').[1]

Nemninga «dis» er også brukt om einskildsvesen, som Frøya, som blei kalla «Vanadis» ('vaneherskarinna'). Ein finn att endinga -dis i mange nordiske kvinnenamn, som Frøydis, Tordis og Vigdis. Disene har også sett spor etter seg i stadnamn, som Disen, fleire stader i Noreg, og svenske gardar som Disarås i Vara kommun i Västergötland, Disevid i Ödeshögs kommun Östergötland, den heilage Disakällan og ganggrava Disarör i Falköping i Västergötland.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Disting blir stadig haldne ved Uppsala, i dag som ein marknad.

Disene kunne vera både venlege og fiendtlege mot menneskja. Dei vart dyrka ved dísablót, som er skildra i fleire sagaer. Den best kjende dyrkinga var distinget i Uppsala, som blei halde i byrjinga av februar, ein tradisjon ein har vidareført til vår tid som ein distingsmarknad. I Noreg og på Island verka dei oftare som vernevesen for æsene, men kunne også opptre ved fødslar og i strid.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Engelsk Wikipedia oppgjev Ström, Folke (1954) Diser, nornor, valkyrjor: Fruktberhetskult och sakralt kungadöme i Norden; Näsström, Britt-Mari (1995) Freyja: The Great Goddess of the North; and Hall, Alaric (2004) The Meanings of Elf, and Elves, in Medieval England. og Calvin, Thomas. 'An Anthology of German Literature', D. C. Heath & co. ASIN: B0008BTK3E,B00089RS3K. P5.