Diskusjon:Levande lys
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2006. Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2006 |
God artikkel[endre wikiteksten]
Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.
Levande lys[endre wikiteksten]
Kommentarar[endre wikiteksten]
Ei hyggeleg og god side i desse førjulstider. Godt skrive og med bilete og informasjon utan å vere for lang. stykkjet 09:47, 18 desember 2006 (CET)
Dei raude peikarane må bort, i alle fall dei mest sentrale, som voks, feitt, Luciadagen osb. Elles er det ein lysande døme på korleis det skal vera. --Ekko 10:33, 18 desember 2006 (CET)
- Voks og talg står att no. Men burde det ikkje òg stå eit kort avsnitt om konsekvensar som brannfare? Det er jo eit viktig moment ved bruk av levande lys... --Tannkrem 12:46, 21 desember 2006 (CET)
Røysting[endre wikiteksten]
- For. stykkjet 09:47, 18 desember 2006 (CET)
- For. --Gunnernett 14:14, 19 desember 2006 (CET)
- For. --EIRIK\diskusjon 19:22, 19 desember 2006 (CET)
Imot. Manglar for mange støtteartiklar. Når det er fiksa er han ein særs god kandidat. --Ekko 20:00, 19 desember 2006 (CET)Imot. Samd med Ekko. --Tannkrem 12:46, 21 desember 2006 (CET)- For -- «Blålenkjer» er faktisk ikkje ein del av krava til ein god artikkel, sjølv om eg er einig i at det er fint at han har mykje av det slaget. --Ranveig 17:42, 21 desember 2006 (CET)
- For -- Det er krav til gode lenkjer, og det er krav til at viktige lenkjer skal vera blå. Men det ser ut til å vera oppfylt no. Det er òg nok av artiklar som peikar til denne sida. Kjelder manglar, og hadde vore fint å få inn, men opplysningane her er jo ikkje direkte kontroversielle. --Tannkrem 18:11, 21 desember 2006 (CET)
- For Betre no. --Ekko 22:33, 21 desember 2006 (CET)
Lys eller ljos[endre wikiteksten]
Etter kva eg veit er vel lys ein sideform av ljos, og er det ikkje helst hovudformane ein skal bruka på nynorsk Wikipedia? --Lars 17:44, 15 mars 2007 (CET)
- Dei er jamstilte. Men eg støttar forslaget ditt. Alltid kjekt å kunna bruka sær-nynorske ord. Kva med ei røysting? --Tannkrem 17:46, 15 mars 2007 (CET)
- Det same får vel gjelda på lys-artikkeln og. --Lars 17:53, 15 mars 2007 (CET)
- Me endrar i regelen ikkje hovudformer når dei først er valde (bortsett frå viss me skriv om artikkelen heilt, då). Det er for mykje anna arbeid å gjera til at me kan kasta vekk tid på slikt att-og-fram-arbeid. --Ranveig 18:41, 15 mars 2007 (CET)
Kjelder[endre wikiteksten]
Denne artikkelen manglar kjelder, slik at lesar kan finna att fakta. Utan kjelder veit ein heller ikkje om dette er truverdig. --Jarhaugin 18. august 2011, kl. 14:51 (CEST)
- Det er sant. Eg har hatt dette i bakhovudet ei stund, men no er det i framhovudet. --Ranveig 18. august 2011 kl. 17:01 (CEST)
Ikkje så god?[endre wikiteksten]
Denne artikkelen blei røysta fram som god artikkel for ti år sidan. Eg trur nivået på artiklar har heva seg sidan då, særleg når det gjeld kjelder - som denne artikkelen rett og slett manglar. Kanskje me like gjerne skulle fjerna god artikkel-merket her? --Ranveig (diskusjon) 6. desember 2016 kl. 17:38 (CET)
- Einig. Artikkelen er fin, men kjeldefattig, og kunne nok dekt litt fleire aspekt ved levande lys før den eventuelt kan merkast som god igjen. – Neuraxıs (diskusjon) 7. desember 2016 kl. 13:19 (CET)