Kyanitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Disthen)
Kyanitt

Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formelAl2SiO5
Strunz-klassifisering09.AF.15
KrystallsymmetriTriklinsk pinakoidal H–M Symbol: 1 Romgruppe: P1
Einingscellea = 7,1262(12) Å,
b = 7,852(10) Å,
c = 5,5724(10) Å
α = 89,99(2)°, β = 101,11(2)°, γ = 106,03(1)°
Z = 4
Identifikasjon
Fargeblå, kvit, sjeldan grøn, grå, gul, rosa, oransje og svart, kan vere sona
Krystallformskiveforma; trådaktig; blada
KrystallsystemTriklinsk
TvillingLamellar på {100}
Kløyv[100] perfekt [010] uperfekt med 79° vinkel mellom
BrotFlisete
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala4,5-5 parallell til ein akse
6,5-7 vinkelrett på den aksen.
Glansglasaktig til perleaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3,53 - 3,65 målt; 3,67 utrekna
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1,712-1,718 nβ = 1,720-1,725 nγ = 1,727-1,734
PleokroismeTrikroisk, fargelaus til lyseblå til blå
2V-vinkel78°-83°
Kjelder[1] [2][3]

Kyanitt eller cyanitt, tidlegare òg kalla disthen, er eit mineral som finst i regionalmetamorfe bergartar og er ganske utbreitt i Noreg. Det er oftast blått og dannar bladaktige krystall med triklin symmetri. Hardleiken varierer frå 5 langsetter krystallen til 7 på tvers av krystallen. Det er eit aluminiumsilikat Al2SiO5. Det finst andre mineral som har den same kjemiske samansetjing (polymorfi), men med heilt ulike eigenskapar: andalusitt og sillimanitt.

Fasediagram for Al2SiO5. Kyanitt (venstre), andalusitt (nedentil) og sillimanitt (høgre).

Det vert nytta til framstilling av varmebestandig material (tennpluggar) og hovudproduksjonen kjem frå India og USA. Det er førekomstar på Saltfjellet i Nordland som kanskje kan vise seg å vere drivverdige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kyanitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
  1. http://www.handbookofmineralogy.org/pdfs/kyanite.pdf Henta 2018-01-12
  2. «Kyanite». MinDat. Henta 14. juni 2013. 
  3. «Kyanite Mineral Data». Webmineral.com. Henta 14. juni 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kyanitt