Glans i mineralogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metatorbernitt har ein glasaktig glans.

Glans i mineralogi er ei karakterisering av korleis lys vekselverkar med overflata på ein krystall, stein eller mineral. For eksampel, ein diamant blir omtalt son å ha ein diamant glans medan pyritt blir omtalt som å ha ein metallisk glans. Glans blir og nytta til å karakterisere andre ting skinn som til dømes stoff, særleg silke og sateng eller metall.

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Ei lang rekke ord er nytta til å karakterisere glansen til ulike mineral. Glansen varierer kontinuerleg og det er ingen klare grenser mellom dei ulike fagorda. Dette gjer at ulike kjelder kan omtale glansen på det same mineralet ulikt. Denne tvetydinga er vidare komplisert ved at glansen kan variere innanfor same mineral. Fagorda kan kombinerast til å karakterisere mellomtypar av glans, til dømes ein «glasaktig feit» glans.

Diamantglans (adamantinglans)[endre | endre wikiteksten]

Slipte diamantar

Diamantaktige eller adamantine mineral har ein særskild glans som er best kjent i diamant.[1] Desse minerala er gjennomsynlege eller gjennomskinlege. Dei har ein høg brytningsindeks (1.9 eller meir).[2] Mineral med ekte diamantglans er uvanlege. Eit par døme er cerusitt og zirkon.[2]

Mineral med ein mindre, men likevel høg grad av glans er omtalt som subadamantine. Eit par døme er granat og korund.[1]

Matt[endre | endre wikiteksten]

Matte (eller jordaktige) mineral har liten eller ingen glans. Det skuldast granulat (små korn) som spreier det reflekterte lyset i alle retningar, tilnærma ein lambertreflektor. Eit døme er kaolinitt.[3] Nokre gonger skil ein mellom matte og jordaktige mineral,[4] der det siste er grovare og har enda mindre glans.


Feittglans[endre | endre wikiteksten]

Feittaktige mineral liknar på feitt eller smørjing. Ein feittaktig glans finn ein ofte i mineral som inneheld ein stor del mikroskopiske inklusjonar. Typiske eksempel omfattar opal og cordieritt.[2] Mange mineral med ein feittaktig glans er òg feite å ta på.[5]

Metallglans[endre | endre wikiteksten]

Metallaktige (eller splendent) mineral har ein glans som eit polert metall. Dersom overflata er perfekt vil den vere som ein spegel). Typiske eksempel omfattar galena,[6] pyritt[7] og magnetitt.[8]

Perleglans[endre | endre wikiteksten]

Perleaktige mineral er bygd opp av tynne transparente flate lag som ligg oppå kvarandre. Lys reflektert frå desse laga gir opphav til ein glans som likner på ei perle.[9] Desse minerala har perfekt kløv som til dømes muskovitt og stilbitt.[2]

Porselensglans (harpiksglans)[endre | endre wikiteksten]

Porselenaktige eller harpiksaktige mineral ser ut som harpiks, tyggegummi eller plast med glatte flater. Eit hovuddøme er rav som er ei form for fossil harpiks.[10]

Silkeglans[endre | endre wikiteksten]

Silkeaktige mineral har parallelt ordna ekstremt fine fibrar,[2] noko som gir dei ein glans som likner silke. Typiske eksempel omfattar asbest, ulexitt og sikesoatvarianten av gips. Ein fiberaktig glans er ganske lik, men har ein grovare tekstur.

Halvmetallglans[endre | endre wikiteksten]

Halvmetallaktige mineral har lik glans med metall, men dei er mattare og reflekterer mindre. Ein halvmetallglans finn ein ofte nesten opake mineral med høge brytningsindeksar.[2] Typiske døme er sinkblende, sinober og kupritt.

Glasglans[endre | endre wikiteksten]

Glasaktige mineral har glans som glas. Denne typen glans er ein av dei ein ser oftast,[9] og opptrer i gjennomsynlege eller gjennomskinlege mineral med relativt låge brytingsindeksar.[2] Typiske eksampel er mellom anna kalsitt, kvarts, topas, beryll, tourmalin og fluoritt.

Voksglans[endre | endre wikiteksten]

Voksaktige mineral har ein glans som liknar på voks. Typiske døme omfattar jade[11] og kalsedon.[12]

Referensar[endre | endre wikiteksten]