Divisormaurvarslar
| Divisormaurvarslar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Thamnophilidae | |
| Slekt: | Thamnophilus | |
| Art: | T. divisorius | |
| Vitskapleg namn | ||
| Thamnophilus divisorius
Whitney, Oren & Brumfield, 2004
|
||
Divisormaurvarslar, Thamnophilus divisorius, er ein fugl i maurfuglfamilien. Dei næraste slektningane er tepuimaurvarslar og amazonmaurvarsler (Whitney et al. 2004).
Divisormaurvarslar er 16 cm lang, hannen er nær einsfarga blågrå, men hovudet er noko mørkare, slik at det gjer inntrykk av å ha hette. Hoa er karakteristisk i to farger: blågrå overside og raudbrun underside, halen er gråblå òg på undersida. Han har ein song som er eit akselererande kuk-kuk-kuk-kuk-ku-ku-ku-ku wah, med avtakande styrke, ropa er aw, aww og kyuk.[1]
Han finst i lågtveksande skog. Det kjende utbreiingsområdet ligg innanfor Parque Nacional da Serra do Divisor i Brasil og i den tilstøytande Parque Nacional de la Sierra del Divisor i Peru, under 500 moh., ein trur han er vanleg der.
Divisormaurvarslar vart oppdaga i 1996 i Acre Arch høglandet i delstaten Acre i Brasil, og blei skildra som ei art ny for vitskapen i 2004. BirdLife International har gjeve han status 'livskraftig' (LC) på global raudliste, 2009.
[endre] Kjelder
- Første utgåva av artikkelen byggjer bl.a. på «Acre Antshrike» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2011, følgjande referanse var gjeve:
-
- Whitney, Bret M.; Oren, David C. & Brumfield, Robb T. (2004): A new species of Thamnophilus Antshrike (Aves: Thamnophilidae) from the Serra do Divisor, Acre, Brazil. Auk 121(4): 1031-1039. DOI:10.1642/0004-8038(2004)121[1031:ANSOTA]2.0.CO;2 HTML fulltext without images
- Schulenberg, T., Stotz, D. Lane, D., O'Neill, J, & Parker, T. Birds of Peru. Christopher Helm, London. (2007) ISBN 978-0-7136-8673-9
[endre] Referansar
- ↑ Schulenberg, et al (2007)
[endre] Bakgrunnsstoff
- " Thamnophilus-divisorius . In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4". BirdLife International tilgjengeleg frå <www.iucnredlist.org>. http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/150890/0. Henta 8. juli 2011.
- Videoar, bilete og lydopptak av divisormaurvarslar hos Internet Bird Collection