Djengis khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Djengis khan

Føddca. 31. mai 1162
FødestadDelüün Boldog
Død18. august 1227
DødsstadYinchuan
MorHoelun
FarYesugei
EktefelleBörte, Khulan, Gürbesu, Yesui, Yesugen, Chahe, Princess Qiguo, Hedaan, Ibaqa beki
BarnJochi, Chagatai Khan, Ögedei Khan, Tuluj, Wuluchi, Alahaibieji, Tümelün, Checheyikhen, Yeli'andun, Il-Altun, Huochenbieji, Kölgen, Chawuer, Shuerche
Djengis khan avbilda som yuan-keisaren Taizu.

Djengis khan (ca. 11671227) var ein mongolsk erobrar, herskar (khan) og grunnleggjar av Det mongolske riket. Ved hans død strekte riket seg frå Kaspihavet i vest til Stillehavet og nordlege Kina i aust. Under etterkommarane til Djengis khan vart riket utvida enda meir.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Dsjengis khan sitt barndomsnamn var Temüdsjin. Fødselsåret er ikkje sikkert, men ligg truleg rundt 1167 (andre forslag er 1155 og 1162).[1] Foreldra var Yesukai og Hoelun. Yesukai var stammehøvding for Kiyad mens mora, Hoelun, kom frå stammen Olkunut. Han hadde brørne Kasar, Haji'un og Temuga, søstera Temulin og halvbrørne Belgutai og Bektair.

Om lag ni år gammal vart han forlova med Bourtai og han var nokre år i hennar stamme til far hans vart myrda av tilgrensande tartarar.[2] Temüdsjin vende da tilbake til mora og familien sin, men var for ung til å kunne hevde seg i arvestridane som oppstod. Det enda med at stammen samla seg om ein ny leiar mens Hoelun og barna måtte klare seg aleine. Dei neste åra var harde og den litle familien overlevde ved jakt, sanking og fiske. Temüdsjin og Kasar skal i denne tida ha drepe halvbroren Bektair. Ein annan viktig episode er at Temüdsjin vart tatt til fange av taidjutane og var der som slave, med lenkje om halsen, til han greidde å flykte ved at nokon i leiren hjelpte han.

Litt om litt greidde Temüdsjin å samle ein stamme rundt seg og han gifta seg med Bourtai. Kort tid seinare vart ho bortført i eit raid, kanskje ein hemn for at Temüdsjin si mor, Hoelun, vart røva på liknande vis tjue år tidlegare. Temüdsjin kom seg unna og samla saman ein hær av nomadar og gjetarar han personleg rekrutterte, og allierte stammar. Saman henta dei Bourtai tilbake. Sigeren var overveldande og gav meirsmak.

Stammesamling[endre | endre wikiteksten]

Temudsjin begynte så sakte å byggje seg opp ein maktbase, mellom anna ved å knyte seg til sin fars anda (svoren venn) Toghril – Khan over Keratene – også kjend under den kinesiske tittelen Wang Khan som han fekk som offisiell tittel av Jin-imperiet i 1197. Toghril valde Temüdsjin som arvtakar for tittelen etter ei suksessfull herjing av Tartarane i 1202, noko som førte til konflikt med Senggum, Toghril sin arving. Senggum planla å myrde Temüdsjin, noko han ikkje klarte: Temüdsjin sigra over han og dei som var allierte med han, og tok tittelen Wang khan.

I 1201 vart Jamuka vald som gur khan, 'universell herskar', noko som førte til eit brot mellom han og Temüdsjin. Jamuka samla saman dei stammane som var i opposisjon til Temüdsjin, men dei var ikkje sterke nok, og den siste motstanden tok slutt da Jamuka vart fanga og avretta i 1206.

I 1206 var så alle mongolar samla under éin herskar og Temüdsjin valde Djengis khan som tittel. Han er såleis den første og einaste med denne tittelen.

Erobring av det nordlege Kina og Persia[endre | endre wikiteksten]

Kart over riket til Djengis khan.

Etter stammesamlinga gjekk mongolane til angrep utover. Første felttoget var mot Tangut-imperiet i Xi Xia, nordvest for Kina. I 1209 godtok Tangut-keisaren overhøgda til Dsjengis khan.

Neste felttog var mot det kinesiske nordriket, Jin, i 1211–1213. Den mongolske hæren herja og plyndra landet men greidde i denne omgangen ikkje å innta den sterkt erobra hovudstaden Zhongdu. Dei returnerte i 1215 og brente byen ned. Dagens kinesiske hovudstad Beijing vart seinare bygd i same området, påbegynt av Kublai khan, Djengis khan sitt barnebarn.

Keisaren over Jin Xuan Song hadde i mellomtida flykta og flytta sin hovudstad til Kaifeng, der han fekk nokre få år før mongolane kom tilbake.

Det neste store felttoget var vestover i 1219 mot Turkestan, etter at herskaren der drap ei gruppe av Djengis khan sine utsendingar. Heile den mongolske hæren på 200 000 mann, dei fleste til hest, vart så send for å hemne fornærminga. Bukhara, Samarkand og Balkh vart herja og brende medan folk vart drepne, valdtekne eller selde som slavar. Etter det vart Persia herja og lagt til imperiet.

Den mongolske hæren returnerte til Mongolia via to vegar, ein sørleg gjennom det nordlege India og ein nordleg gjennom det sørlege Russland. Undervegs vart alle motstandarar utsletta, men nytt land vart i første omgang ikkje lagt til imperiet. Dei to hærane var tilbake i Mongolia i 1225.

Død[endre | endre wikiteksten]

Djengis Khan døydde i 1227 og han vart gravlagd på ein hemmeleg plass i det austlege Mongolia, av eit gravfølgje som drap alle menneske og dyr som kom i vegen deira.

Etter Dsjengis Khan[endre | endre wikiteksten]

Det enorme riket vart etter at Djengis khan døydde delt opp i fire delar, ein til kvar av Burtai sine gjenlevande søner, Jochi, Chagatai, Ogedei og Tolui. Ogedei var offisielt Djengis khan sin etterfølgjar. Søner av andre koner vart gitt høge stillingar, men berre førstekona sine søner vart formelt overhovud.

Mongolkrigane heldt fram med uforminska styrke i lengre tid, i Korea, det sørlege Kina, men spesielt i Persia, Midtausten og Russland var krigane og erobringane langvarige. Eit forsøk på å ta Japan stranda pga. storm (Omgrepet Kamikaze, som betyr guddommeleg vind, stammar frå den hendinga).

Styresett og samfunnstruktur i det mongolske imperiet[endre | endre wikiteksten]

Mongolane er tradisjonelt stammefolk og nomadar, men kom til å herske over gamle høgkulturar, slik som Kina og Persia. Alle imperium som skal vare treng ein administrasjon, og mongolane gjekk etter kvart, etter Djengis khan, inn som eit herskande sjikt i dei underkua rika. Den kinesiske kulturen greidde overraskande raskt å få tilbake overtaket etter dei mongolske herjingane, slik at allereie Kublai khan må sjåast som ein kinesisk, ikkje ein mongolsk, herskar.

Område i Persia sleit meir med å reise seg igjen etter den mongolske okkupasjonen.

Karakorum, mongolane sin hovudstad under Djengis khan, var ikkje ein by i eigentleg forstand, men meir ein abnormt stor mongolsk teltleir.

Militær teknikk og organisering[endre | endre wikiteksten]

Kjernen i mongolhæren var kavaleri utstyrt med komposittbogar, lanser, spyd og sverd. Dei beherska eit vidt spekter av militære strategiar og var ekspertar i raske angrep, knipetangsmanøvrar og falske tilbaketog for å oppløyse fienden sin stridsorden. I tillegg kom ei omfattande etterretning, i stor grad i form av handelsmenn. Mongolane sitt viktigaste våpen var likevel frykt – folk og herskarar i fiendeland var for frosne av frykt til å gjera effektiv motstand, noko mongolane medvite nørte opp under ved massakrar, massevaldtekter, og bruk av levande skjold.

Mongolkavaleriet under Djengis khan var strengt oppdelt etter titalssystemet, det vil seie i einingar på 10, 100, 1 000 og 10 000, der 10 000 ryttarar var ei eiga taktisk eining. Etter felttoget i Kina tok dei òg i bruk ei avdeling kinesiske beleiringsspesialistar.

Det store militære problemet til mongolane før Dsjengis Khan var stammemotsetningar. Djengis khan løyste dette ved å organisere hæren på tvers av stammar, det vil seie ved å bryte opp stammestrukturen, men utan å bryte ned andre sosiale strukturar – ein høvding var og skulle framleis vera høvding og militær leiar. Djengis khan sitt rykte for å vera ein trufast, storsinna og mektig venn, og ein grufull og omsynslaus fiende, gjorde at svært mange stammefolk slutta seg til han, ikkje berre mongolar. Til dømes bestod store delar av hæren av tyrkiske folk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charles R. Bawden. «Genghis Khan» (på engelsk). Britannica. Henta 18. mars 2023. 
  2. «Key Figures in Mongol History» (på engelsk). Asia for Educators, Columbia University. Henta 18. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Djengis khan