Djupevåg Båtbyggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Djupevåg Båtbyggeri leverte eik til bakveggane og balkongfrontane i storsalen i operaen i Oslo.

Djupevåg Båtbyggeri AS var ei verksemd som bygde og utførte vedlikehald av trebåtar og andre store trekonstruksjonar og som held til i Norheimsund i Hardanger. Verksemda vart eigd og drive av Djupevåg-familien.

Selskapet vart skipa av Lars Djupevåg i 1947. Produksjonen bestod dei første åra av opne klinkbygde båtar. Hovudproduktet var i meir enn 20 år Colin Archer seglskøyter. Båtbyggjeriet har mellom anna utført jammleg vedlikehald av Kongeskipet og har også levert nye livbåtar og lettbåtar til det.[1]2000-talet vart Djupevåg Båtbyggeri særleg kjent for å ha levert interiøret til storsalen i operaen i Oslo[2] og TverrfjellhyttaDovre.[3]

I november 2011 gjekk Djupevåg båtbyggeri AS konkurs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne Vestlandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.