Dnepr-Bug-estuaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dnepr-Bugestuaret
innsjø
Satelittbilete av Dnepr-Bugestuaret
Land  Ukraina
Del av Svartehavet
Tilsig Dnepr, Sørlege Bug
Byar Otsjakiv
Koordinatar 46°37′N 31°57′E / 46.617°N 31.950°E / 46.617; 31.950
Lengd 63 km
Areal 800 km²
Kart
Dnepr-Bug-estuaret
46°37′00″N 31°57′00″E / 46.61666667°N 31.95°E / 46.61666667; 31.95
Wikimedia Commons: Dnieper-Bug Estuary

Dnepr-Bugestuaret (ukrainsk Дніпровсько-Бузький лиман) er eit ope estuar, eller liman, av dei to elvane Dnepr og Sørlege Bug. Det ligg på nordkysten av Svartehavet, sør i Ukraina. Den viktigaste byen ved estuaret er Otsjakiv.

Estuaret består av to delar, det breie Dneprestuaret (55 km langt, opp til 17 km breitt), og det smale Bugestuaret (47 km langt, frå 5 til 11 km breitt). I snitt er djupna 6–7 m og den største djupna er 12 m.

Estuaret vert nytta som skipslei, som fritidsområde og fiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]