Don’t Worry Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Don't Worry Baby»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Shut Down Volume 2
A-side I Get Around
Utgjeve 11. mai 1964
Innspelt ukjend
Sjanger Surfepop
Lengd 2:47
Selskap Capitol Records
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Fun, Fun, Fun»
(1964)
«Don't Worry Baby» «When I Grow Up (to be a man)»
(1964)

«Don’t Worry Baby» er ein song skriven av Brian Wilson og Roger Christian og spelt inn av the Beach Boys. Brian Wilson syng falsettvokal på denne balladen som først vart gjeven ut på albumet deira Shut Down Volume 2 i 1964. Han vart òg gjeven ut som B-side på singelen «I Get Around» som var den første førsteplassen deira i USA. «Don't Worry Baby» nådde 24. plass på eiga hand. Singelen vart gjeven ut i mai 1964 av Capitol Records. Ein månad seinare kom han òg ut i Europa.

Brian Wilson har fortalt at songen var eit forsøk på å fange essensen i favorittsongen hans, «Be My Baby» av the Ronettes, som seinare skulle spele inn si utgåve av «Don't Worry Baby».

John Lennon-songen «(Just Like) Starting Over» frå 1980 nyttar mykje av melodien i refrenget på «Don't Worry Baby», og det same gjorde Garbage i 1998 med «Push It».

Songen er rangert på 176. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Keith Moon, trommeslagaren i The Who, spelte inn denne songen på det einaste soloalbumet hans, Two Sides of the Moon, med Dick Dale på sologitar. Bryan Ferry, B.J. Thomas, the Everly Brothers, the Bay City Rollers, the Fun & Games og Andy Pratt har òg gjort utgåver av songen.

Billy Joel spelte songen på ein hyllestkonsert til Brian Wilson i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]