Fun, Fun, Fun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Fun, Fun, Fun»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Shut Down Volume 2
Utgjeve 3. februar 1964
Innspelt 1. januar 1964
Sjanger Sunshine pop
Lengd 2:16
Selskap Capitol Records
Tekstforfattar Brian Wilson
Låtskrivar(ar) Brian Wilson/Mike Love
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
«Little Saint Nick»
(1963)
«Fun, Fun, Fun» «I Get Around»
(1964)


«Fun, Fun, Fun» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love som vart ein hitsingel for The Beach Boys i 1964. Songen vart òg gjeven ut på albumet deira Shut Down Volume 2.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Brian Wilson og Mike Love om Shirley England, dottera til eigaren av radiostasjonen KNAK i Salt Lake City i Utah, der ho arbeidde som tenåring. Ho lånte faren sin Ford Thunderbird for å studere på biblioteket. I staden for køyrte ho til eit gatekjøken. Då far hennar fann ut dette tok ho bilen frå henne. Dagen etter var på radiostasjonen klaga ho over dette til personalet der medan The Beach Boys var gjester der. Hendinga inspirerte dei til å skrive denne songen.[1]

Far til Wilson-brørne, Murry, var alltid kritisk og konservative. Han meinte songen var umoralsk og prøvde å hindre at bandet spelte han inn. Songen vart gjeven ut på singel med songen «Why Do Fools Fall In Love». Denne krangelen førte til at forholdet i familien vart dårlegare og Murry fekk til slutt sparken som manager for The Beach Boys, berre nokre få månadar før «I Get Around» vart den første førsteplassen deira.

Den elektriske gitaren i opninga var basert på Chuck Berry sin «Johnny B. Goode», som kom ut i 1958.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

And she'll have fun fun fun
'Til her daddy takes the T-Bird away

Brian Wilson og Mike Love

Songen vart spelt inn 1. januar 1964 i Western Recorders. Instrumentalsporet vart gjeven ut i 2001 på samleplata Hawthorne, CA. Mike Love syng solovokal på songen.

Stereo- og monomiksane kjem frå det same opptaket, men sluttar forskjellig. Stereomiksen tonar ut tidleg i avslutninga, medan monomiksen varer lenger.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå arkivaren Craig Slowinski.[2]

The Beach Boys

Andre musikarar

Singelen[endre | endre wikiteksten]

Singelen kom ut i USA i februar 1964 og nådde femteplassen på Billboard-lista.

I Storbritannia vart singelen gjeven ut i mars 1964 gjennom Capitol Records, men nådde ikkje listene her. I Australia klarte songen å nå sjetteplassen, som var den høgaste plasseringa til bandet i dette landet. Singelen var òg den første til bandet som gjekk inn på singellista i Vest-Tyskland med ein 49. plass.

I februar 1996 gav Status Quo ut ei utgåve av songen i lag med The Beach Boys i Storbritannia. Denne nådde 24. plassen her.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Både the Boomerangs og Brendan Bower & His Royal Show Band Waterford spelte inn songen i 1965.

To franske innspelinga av songen er gjeven ut av Les Missiles i 1964 og Les Excentriques i 1965 med tittelen «Fume, Fume, Fume».

Andre artistar som har spelt songen er Dino, Desi, & Billy, The Surfriders, New Riders of the Purple Sage, The Carpenters, Adam Surf & The Pebble Beach Band, Papa Doo Run Run, Joan Jett & The Blackhearts og Status Quo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]