Donau-Tisa-Donau-kanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanal nær landsbyen Rumenka, nær Novi Sad

Donau-Tisa-Donau-kanalen (DTD) (serbisk Kanal Dunav-Tisa-Dunav/ Канал Дунав-Тиса-Дунав) er eit kanalsystem knytt til elvane Donau og Tisa som vert nytta til flaumkontroll, utbetring av skogbruk, vassforsyning, transport, fiske, jakt og turisme. Det dekkjer den nordlege delen av Serbia, eit område kalla Vojvodina.

Den totale lengda på dei utgravde hovudkanalane er 929 km, inkludert nye og gamle kanalar, og elvar som vart delvis eller heilt ombygd og ein del av det nye systemet. I hovudkanalen er det 51 byggverk - 24 sluseportarr, 16 sluser, fem tryggleikssluser, seks pumpestasjonar og 180 bruer. Det er 14 hamner langs kanalen. Ein av dei viktigaste strukturane er demninga over elva Tisa nær Novi Bečej som regulerer vassregimet i hovudkanalen i Banat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 44°49′35″N 21°20′09″E