Dordi Nordby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dordi Agathe Nordby (fødd 8. april 1964 i Bærum) er ein norsk høgrehendt curlingspelar frå Snarøya. Nordby har vunne ei mengde medaljar i internasjonale konkurransar gjennom ein karriere som spenner over tre tiår, inkludert to VM-gull og to EM-gull.

Etter å ha debutert internasjonalt for Noreg så tidleg som i 1981, tok laget hennar ein (uoffisiell) bronsemedalje da curling var oppvisningsgrein under OL i Calgary i 1988. Ho vann den første VM-medaljen sin i 1989, ved å vera tredje spelar i det norske sølvlaget. Som skip i laget i 1990 og 1991 leidde ho Noreg til gullmedaljar.

Sidan da har ho som skip leidd det norske laget til jamnt over gode resultat; bronsemedaljar i meisterskap i 1993, 1995, 1996, 2000 og 2002, og sølv i 1997. Ho har likevel så langt til gode å vinne ein ekte olympisk medalje for Noreg, etter ein femteplass i Nagano i 1998, sjuandeplass i Salt Lake City i 2002 og fjerdeplass i Torino i 2006.

Nordby møtte problem da den internasjonale karrieren til Hanne Woods brått måtte ta slutt etter ein langvarig kneskade. Den lovande junioren Linn Githmark vart vald ut til å vera tredjespelar på det norske laget i Curling-VM 2004, og denne endringa var suksessfull ettersom som Noreg tok med seg eit sølv, etterfølgt av ein bronse i 2005. Githmark var likevel ikkje med på laget til Nordby lenge.

Etter ein skuffande europameisterskap i 2006, der Noreg ikkje vart kvalifisert til verdsmeisterskapen i 2007, la Nordby opp som spelar i januar 2007.[1]

I 2003 vart ho tildelt Frances Brodie Award. Dette er ei utmerking som blir gjeven til den spelaren som har vist den beste lagånda gjennom meisterskapen, valt ut gjennom røysting blant alle spelarane. Nordby tek alltid med seg ein termos med kaffi til kampane ho speler. Ho var tidlegare kjederøykar, men har sagt at ho slutta å røykje etter 25 år.

Dordi Nordby arbeider i dag som dagleg leiar ved Snarøya Curlinghall.[1]

Medspelarar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Dordi Nordby legger opp» av NTB og Dagbladet 30. januar 2007.