Dubysa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dubysa
Jernbanebru kryssar Dubysadalen nær Lyduvėnai
Jernbanebru kryssar Dubysadalen nær Lyduvėnai
Utspring 3 km sør for Šiauliai
- Høgd 133 m
Munning Nemunas nær Seredžius
- Høgd 15 m
Land i nedslagsfelt Litauen
Lengd 131 km
Middelvassføring 14,2 m³/s
Nedslagsfelt 1 973 km²

Dubysa er den 15. lengste elva i Litauen med ei lengd på 131 km. Ho har kjelda si nokre få kilometer frå innsjøen Rėkyva nær byen Šiauliai. Først renn ho sørover, men ved Lyduvėnai snur ho søraustover og nær Ariogala sørvestover. Dubysa renn gjennom Samogitia. Dei første kilometrane av elva vart òg kalla Genupis eller Šventupis.

Dubysa har om lag 40 sideelvar. Dei største av desse er Kražantė frå høgre og Šiaušė, Gryžuva, og Gynėvė frå venstre. Kražantė (86 km) er nesten dobbelt så langt som dei øvre delane av Dubysa før dei renn i hop (47 km). Sjølv om nedslagsfeltet til Kražantė er noko mindre, burde ho derfor vore hovudelva på grunn av lengda. Dubysa får vatn via regn og snøsmelting, så vassnivået i elva endrar seg raskt. Det største djupet i Dubysa er om lag 4 m.

Dubysadalen er ein av dei høgaste og breiaste i Litauen. Han er om lag 20-40 meter høg og 300-500 meter brei. Han vart danna under den siste istida. Nær Lyduvėnai er det ei jernbanebru som kryssar dalen. Ho er den høgaste og lengste i sitt slag i Litauen. Den første brua vart bygd av tyskarane under den første verdskrigen og i 1918 vart ho erstatta av ei jernbru.

Dubysa er forbunde til Venta via ein forlatt kanal som vart starta i 1825 av styresmaktene i Det russiske riket. Kanalen er 15 km lang og skulle ha 20 sluser. Meininga var å binde elva Nemunas til Austersjøen via hamna i Ventspils. Dei nedre delane av Nemunas var under Preussen sin kontroll. Arbeidet vart avbrote av novemberopprøret i 1831. Arbeidet heldt fram på byrjinga av 1900-talet, men vart denne gong avbrote av den første verdskrigen. Etter krigen var det ikkje lenger bruk for kanalen, sidan Litauen hadde kontroll over heile regionen Klaipėda og dei nedre delane av Nemunas.

Dubysa fiskereservat vart oppretta i 1974. Det vernar gytestadane til fisken vimba og om lag 25 andre fiskeartar. Reservatet vernar Dubysa nedanfor Ariogala og ned til munningen (om lag 25 km av elva) Dubysa regionpark vart oppretta i 1992 for å verne Dubysadalen, landskapet og kulturarva, inkludert fødestaden til diktaren Maironis. Parken har òg etter kvart fått ein del av økoturisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Dubysa» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2008.
  • "Dubysa". Encyclopedia Lituanica II. (1970-1978). Ed. Simas Sužiedėlis. Boston, Massachusetts: Juozas Kapočius. 113-114. Mal:LCC. 
  • "Dubysa". Tarybų Lietuvos enciklopedija I. (1985). Ed. Jonas Zinkus, et. al. Vilnius i Litauen: Vyriausioji enciklopedijų redakcija. 463-464. 
  • "Dubysa". Lietuviškoji enciklopedija VII. (1939). Ed. Vaclovas Biržiška. Kaunas: Spaudos Fondas. 79-94. 
  • Dubysos pabaseinis. Environmental Protection Agency, Ministry of Environment of the Republic of Lithuania. Vitja 1. januar 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dubysa