Dvergsjimpanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergsjimpanse
Dvergsjimpanseho. Foto: Pierre Fidenci
Dvergsjimpanseho.
Foto: Pierre Fidenci
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av dvergsjimpanse
Utbreiinga av dvergsjimpanse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Familie: Hominidae
Stamme: Hominini
Understamme: Panina
Slekt: Sjimpansar Pan
Art: Dvergsjimpanse P. paniscus
Vitskapleg namn
Pan paniscus

Dvergsjimpanse eller bonobo er ein primatart i menneskeapefamilien. Saman med sjimpansen er han den dyrearten som er genetisk likast menneske. Arten blei først skildra vitskapleg i 1929. Han er rekna som truga.

Dvergsjimpansehann.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dvergsjimpansen blir om lag 70–83 cm lang og veg 31–39 kg. Hannane er større enn hoene. Han har svart pels, som vanleg sjimpanse, men skil seg frå denne ved å også ha svart ansikt og issehår som veks ut mot sidene. Vaksne dyr kan også ha kvit haledusk. Dei er mindre enn vanlege sjimpansar, mellom anna ved å ha smalar brystkasse og mindre tenner, men har lengre lemmar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Dvergsjimpansen lever i fuktige tropiske skogar over 1500 moh. Han finst vilt berre i Cuvette Centrale-regionen i Kongo i Sentral-Afrika. Området er avgrensa av elvane Kongo i nord og vest, Kasai og Sankuru i sør og Lomami i aust.

Krigane i Kongo, krypskyting og tap av habitat har ført til at bestanden av dvergsjimpansar har minka kraftig. Ein veit ikkje sikkert kor mange dvergsjimpansar som lever vilt. Forskarestimat går frå 29 500 (1997) til 50 000 (2001).[1]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Dvergsjimpanseunge

Dvergsjimpansar lever i grupper, typisk på mellom 30 og 80 individ. Gruppene ser ut til å leiast av ein alfahann og ein matriark, men sosial rang ser ut til å vera mindre viktig hjå dvergsjimpansar enn hjå andre primatar.

Frukt og frø utgjer over halvparten av kosten. Elles et dei andre plantedelar, som lauv, blomar og plantemarg, smådyr og insekt.

Hoene føder ein unge om lag kvart femte år. Oppveksten tar lang tid, hoer blir kjønnsmodne når dei er rundt 7 år gamle, og vandrer då ofte vekk frå familiegruppa for å slå seg saman med ei anna gruppe.

Dvergsjimpansar har ikkje faste partnerar. Dei nyttar seksuelt samkvem til ei rekkje føremål, som helsing og konfliktløysing. Seksuell omgang av ulike typar kan finna stad stort sett utan omsyn til alder og kjønn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dvergsjimpanse
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.