Dzjezkazgan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dzjezkazgan
Akimmat.jpg
Byvåpenet til Dzjezkazgan
Byvåpenet til Dzjezkazgan
Styresmakter
Land
Oblast
Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Karaganda oblast
Grunnlagd 1938
Akim Musa Tanabajev
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

104 438
Koordinatar 47°47′″N 67°42′″EKoordinatar: 47°47′″N 67°42′″E
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer 100600
Telefon-retningsnummer +7 7102
Heimeside: http://www.jezkazgan.kz
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Dzjezkazgan (kasakhisk Жезқазған, russisk Джезказган) er ein by i Kasakhstan i Karaganda oblast med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg ved eit reservoar i elva Kara-Kengir.

55 % av innbyggjarane er kasakhstanarar, 30 % russarar og resten ukrainarar, tyskarar, tsjetsjenarar og koreanarar

Byen vart grunnlagd i 1938 for å utnytte dei rike koparførekomstane i området. I 1973 vart eit stort metallurgikompleks bygd søraust for byen for å smelte kopar. Av andre naturressursar i området finn ein mangan, jern og gull.

Kosmodrom Bajkonur ligg 400 km sørvest for byen, og ein tradisjon er at kvar einaste kosmonaut plantar eit tre i Sejfulin-gata i Zjezkazgan som eit symbol på at han skal kome trygt heim att.

Byen har jernbanesamband til Karaganda og flysamband til Almaty.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]