Tyskarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tysk familie i 1950.

Tyskarar (tysk Deutsche) er menneske knytte til tysk kultur gjennom busetjing eller opphav.

Tydinga av omgrepet har variert. Opphavleg var alle tysktalande rekna som tyskarar, medrekna dei som snakka nedertysk, no kjend som nederlendarar. Ei tid blei det brukt om folk frå det tysk-romerske riket, og seinare har det gjerne vist til folk frå Tyskland. Sidan andre verdskrigen har tydinga av ordet gått meir over til å visa til nasjonalitet, det at ein har statsborgarskap i Tyskland, heller enn etnisitet, der til dømes austerrikarar tidlegare rekna seg som tyskarar.

Tysktalande utgjer fleirtalet i Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein og Luxemburg. Ein finn dei òg i tilstøytande område som sørvestre Danmark, austre Belgia, franske Alsace (tysk Elsass) og Lorraine i (Lothringen), italienske Sør-Tirol, Ungarn, Polen og vestre Tsjekkia. Det finst også folk med tysk som morsmål i Brasil, Namibia (tidlegare Tysk Sørvestafrika) og Kasakhstan, der ei rekkje sovjetiske tyskarar blei deporterte under andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.