East Anglia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjerneområdet i East Anglia

East Anglia er ein landsdel aust i England. Det byggjer på det tidlegare kongeriket East Anglia, Ēast Engla rīcegammalengelsk, som var namnsett etter angelsaksarar frå Angeln (Schleswig-Holstein).

Området har i dag inga administrativ rolle, og har ikkje offisielt fastsette grenser. Det var tidlegare eit statistisk område i Storbritannia. I dag er området ein del av regionen East of England, som omfattar fylkar Norfolk, Suffolk og Cambridgeshire og den sjølvstyrande byen Peterborough.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

East Anglia er kjend som eit låglendt område med mykje våtmark kjend som The Fens. Området sør for bukta The Wash var lenge sumpmark som ikkje blei brukt til landbruk. Frå 1600-talet, mellom anna med hjelp frå Nederlanda, bygde ein dike og kanalar og drenerte store landområde som blei til grøderik dyrka mark. Nettverket av vatn og kanalar er kjend som The Broads.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første innbyggjarane ein kjenner namnet på i East Anglia var icenarar. Rundt 520 blei kongeriket East Anglia danna som eitt av sju angelsaksiske kongedøme. Ei kort tid etter 616, då det nedkjempa Northumbria, var East Anglia det mektigaste av desse kongedøma.

I 897 blei East Anglia teke av vikingar leia av Ivar Beinlause. Det blei teke attende av angelsaksarar i 920 og tapt av dei i 1015–1017, då det blei erobra av Knut den mektige. Området låg under Danelagen gjennom store delar av mellomalderen.

Landskap og industri har fått mykje påverknad frå Nederland, som i dreneringa av sumpene, bruk av takheller av raudleire og innan ulltilverking. East Anglia tente seg rikt på tekstilindustri fram til den industrielle revolusjonen, då mykje av tilverkinga flytta nordover til Midlands og Nord-England. I dag er jordbruk og turisme viktige næringsområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]