The Broads

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Typisk landskap i Norfolk Broads

The Broads er eit nettverk av elvar og innsjøar i Norfolk og Suffolk i England. Den nordlege delen er kjent som Norfolk Broads og den sørlege som Suffolk Broads. Namnet kjem av broad, det lokale ordet for «innsjø». Området fekk i 1988 ein særskild vernestatus som set det på same nivå som nasjonalparkane. Skilnaden frå andre nasjonalparkar er at det er grevskapa som har definert dette og ikkje staten. Broads Authority vart oppretta i 1989 for å ta vare på parken.

Det totale arealet er 303 km², og det meste av dette ligg i Norfolk. Det er meir enn 200 km farbare vassvegar, fordelt på sju elvar og kring 50 innsjøar. Berre tretten innsjøar er opne for allmenn ferdsel, medan tre andre har farbare kanalar. På hausten og vinteren er det restriksjonar på ferdsel i delar av området.

The Broads har gjeve namn til det administrative distriktet Broadland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trudde lenge at innsjøane var naturlege trekk i landskapet, men i 1960-åra viste dr. Joyce Lambert at dei er kunstige, men ikkje planlagt, då dei har oppstått som følgje av flaumar der det i tidlegare tider vart teken ut torv. Dei første som i større skala nytta torva i området som brensel var romarane og i mellomalderen dreiv lokale kloster lønsame føretak med sal av torv til Norwich og Great Yarmouth. Så byrja havnivået å stige og torvtaka vart fylte med vatn. Det vart bygt dike og andre hindringar, men flaumane heldt fram og landskapet slik det er i moderne tid utvikla seg.

Sidan byrjinga av 1900-talet har The Broads vore eit populært område for båtferdsel. Vassvegane har, med eitt unntak, ikkje sluser, men det er tre låge bruer der berre mindre båtar kan passere. Området trekkjer til seg òg fotturistar, kunstnarar, stongfiskarar og fuglekikkarar. Dei lokale innbyggjarane nemner gjerne òg kategorien «people messing about in boats», eller «folk som rotar rundt i båtar». Ein kan framleis sjå den tradisjonelle båttypen Norfolk wherry i The Broads.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Staden der Yare og Waveney renn ut i Breydon Water
Lystbåtar på Norfolk Broads

The Broads følgjer i hovudsak ei linje langs elvane. Det er sju farbare elvar, Yare og nettverket av sideelvar som Bure, Thurne, Ant, Waveney, Chet og Wensum. Vassvegane vert påverka av tidvatn, med nokså store skilnader på høg- og lågvatn nær havet, som i Breydon Water og knapt merkbar skilnad lenger inn som i Ant over Barton Broad.

Innsjøane varierer i storleik frå små tjern til store innsjøar som Hickling Broad, Barton Broad og Breydon Water. Dei er ujamt fordelt, med langt fleire innsjøar i den nordlege halvdelen av Broadland enn i den sentrale eller den sørlege delen. Nokre ligg direkte knytte til elvane, medan andre ligg til sides for dei og heng saman med elvane gjennom kunstige kanalar.

Det er òg grave ut ein kanal gjennom området, Haddiscoe Cut, som knyter Yare og Waveney saman slik at båtar kan kome mellom dei to elvene uten å segle over Breydon Water.

Ein kan òg segle ut til havet via Waveney, som heng saman med Oulton Broad, som i sin tur er ein del av tidvassystemet i The Broad. Rett ved sida av denne ligg Lake Lothing, som heng saman med havet i hamna i Lowestoft. Mellom Oulton Broad og Lake Lothing er det lagt ei sluse, den einaste i The Broads, på grunn av den store skilnaden i tidvassyklusen i dei to innsjøane.

I dei følgjande listene er innsjøane sett i kursiv medan byar og landsbyer er i vanleg skrift.

Bure[endre | endre wikiteksten]

Bure er ei sideelv til Yare. Ho spring ut nær Aylsham og munnar ut i Yare rett nedanfor Breydon Water. Elva renn gjennom eller passerer:

Thurne[endre | endre wikiteksten]

Thurne er ei sideelv til Bure. Ho spring ut nær Martham Broad og renn omkring ti kilometer til Thurne Mouth der ho munnar ut i Bure. Ho renn gjennom eller passerer:

Ant[endre | endre wikiteksten]

Ant er ei sideelv til Bure. Ho spring ut nær Dilham og munnar ut i Bure ved St. Benet's Abbey. Elva renner gjennom eller passerer:

Yare[endre | endre wikiteksten]

Yare spring ut sør for Dereham og renn gjennom den sørlege utkanten av Norwich, så gjennom Breydon Water og ut i havet mellom Great Yarmouth og Gorleston. Ho renn gjennom eller passerer:

Chet[endre | endre wikiteksten]

Chet er ei sideelv til Yare. Ho renn gjennom eller passerer:

Waveney[endre | endre wikiteksten]

Waveney er ei sideelv til Yare. Ho renn gjennom eller passerer:

Wensum[endre | endre wikiteksten]

Wensum er ei sideelv til Yare. Ho spring ut i Breckland og renn gjennom Norwich sentrum før ho munnar ut i Yare rett aust for byen. Den farbare strekninga ligg i heilt innanfor byområdet, frå sentrum rett ved Norwich-katedralen til staden der elvane møter kvarandre.

Trinity Broads[endre | endre wikiteksten]

Trinity Broads er eit unntak frå regelen, sidan desse innsjøane er forbunde med kvarandre, men ikkje har noko farbart samband til resten av The Broads. Innsjøane er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]