Eduard Sjevardnadse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eduard Sjevardnadze)
Gå til: navigering, søk
Eduard Sjevardnadse

Eduard Sjevardnadse (georgisk: ედუარდ შევარდნაძე) (fødd 25. januar 1928) er ein sovjetisk og georgisk politikar.

Politisk karriere i Sovjetunionen 1948-1990 [endre]

Eduard Sjevardnadse vart fødd i Mamati, Georgia. Han starta si politiske karriere i Sovjetunionen, først i den georgiske sovjetrepublikken, seinare på sentralt nivå. I 1948 gjekk han inn i kommunistpartiet der han klatra i gradene. I 1959 blei han vald til medlem av Georgias Øvste Sovjet. I 1965 blei han georgisk minister med ansvar for offentleg orden, eit embete han hadde til 1972. Han hadde då rang av politigeneral. I 1972 blei han førstesekretær i Georgias Kommunistparti og dermed den øvste leiaren i sovjetrepublikken Georgia. Som leiar i republikken var han ansvarleg for at det blei slått ned på opposisjonelle og nasjonalistar. I 1976 blei Sjevardnadse innvald i Sentralkomiteen i Sovjetunionen og i 1978 forfremma til kandidat i Politbyrået. Frå 1985 til 1990 var Sjevardnadse sovjetisk utanriksminister.

Politisk karriere i Georgia 1992-2003 [endre]

Etter at Sovjetunionen hadde gått i oppløysing vende han tilbake til Georgia, som no var blitt sjølvstendig, og gjekk inn i politikken der. Då president Zviad Gamsakhurdia, som Sjevardnadse hadde fått fengsla på 1970-talet, blei tvungen til å gå av i eit kupp i januar 1992, blei Sjevardnadse utnemnd til leiar av statsrådet som overtok makta. Presidentembetet blei tre år seinare gjenoppretta og Sjevardnadse stilte til val. Han blei vald til president med over 70 prosent av stemmene i november 1995 og sikra seg ny periode ved valet i april 2000, truleg etter valfusk. Under den såkalla Roserevolusjonen i november 2003 blei han tvungen til å gå av.

Kjelder [endre]