Edvard Hagerup Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edvard Hagerup Bull (23. januar 185525. mars 1938) var ein norsk jurist, Høgre-politikar, stortingsrepresentant, finansminister 1905, 1920-21 og justisminister 1905-06. Han var farfar til komponisten Edvard Hagerup Bull.

Bull var fødd og oppvaksen i Bergen, far hans var offiser. Han vart student frå katedralskulen i heimbyen i 1872, cand. jur. i 1876. I 1877 vart han fullmektig hos høgsterettsadvokaten Emil Stang. To år seinare vart han tilsett i Indredepartementet, året etter i Finansdepartementet. I 1882 vart han byråsjef, og 1888 ekspedisjonssjef i Finansdepartementet. I 1889 var han frå 25.mai til 8. juli konstituert statsråd i Finansdepartementet i Johan Sverdrups regjering. År 1893 vart Bull høgsterettsdommar. I 1918 sa han frå seg embetet som høgsterettsdommar. Han skreiv gjennom åra ei rekke artiklar om juridiske, finansielle og statsøkonomiske emne.

I 1903 vart Bull vald inn på Stortinget for Høgre i Akershus, der han vart formann for budsjettkomiteen. I mars 1905 vart han justisminister i Christian Michelsens regjering, og hadde sete i statsrådsavdelinga i Stockholm fram til 7. juni, då unionen vart oppløyst. Deretter var han justisminister i same regjering fram til november 1905, då han vart finansminister. Han var sentral då regjeringa la opp planar i forkant av unionsoppløysinga i 1905, og i den påfylgjande folkeavrøystinga.

Bull kom inn att på Stortinget som representant for Akers krins frå 1910. 1913-18 var han parlamentarisk førar for Høgre. Han var formann i justiskomiteen 1910-12 og justiskomite nr 2 frå 1913 til -18. Her var han den leiande då ordninga med sivilprosessar vart reformert, lova vart vedteken i 1915. Nestformann i valkomiteen i 1912 og i komiteen om vassdragsreguleringa, også 1912. 1913-14 var han nestformann i fullmaktskomiteen, 1916-18 i utanrikskomiteen og i den førebuande fullmaktskomiteen. 1920-21 var Bull finansminister i Otto Bahr Halvorsens fyrste regjering i nøyaktig eitt år.

Bull vart i 1895 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I november 1906 vart han forfremja til kommandør av 1. klasse «for statsborgerlig og embedsfortjeneste». Han var også innehavar av 7. juni-medaljen.[1]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 69.