Edward Teller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teller i 1958, som leiar for Lawrence Livermore National Laboratory

Edward Teller (fødd 15. januar 1908 i Budapest, død 9. september 2003) var ein ungarsk-amerikansk fysikar.

Teller gjorde seg tidleg merka for teoretiske arbeid innan kjernefysikken. I 1939 var han blant initiativtakarane til arbeidet med den kjernefysiske bomba. Etter andre verdskrigen var over ivra han for at USA òg skulle prøve å utvikle ei fusjonsbombe (hydrogenbombe), og kom dermed i opposisjon til fleire andre fysikarar som Robert Oppenheimer. Han vert rekna som oppfinnaren av hydrogenbomba.

Han studerte i Tyskland frå 1928 til 1933 og forelas ved University of London frå 1933 til 1936. Han vart så professor i fysikk ved George Washington University i Washington D.C. fram til 1941 og vart knytt til Columbia University. Her deltok han i Manhattanprosjektet ved Los Alamos National Laboratory frå 1941 til 1946. Han vart så professor i Chicago fram til 1952, og så fram til 1975 ved California University. I åra 1954–1975 var han dessutan direktør for Lawrence Livermore National Laboratory, eit sentrum for utvikling av kjernevåpen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]