Einar Østby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Einar Østby (fødd 17. september 1935) i Vinger er ein tidlegare norsk langrennsløpar som gjorde sin beste prestasjon då han vann bronsemedaljen på 15 km under verdsmeisterskapet 1962 i Zakopane. Østby var med på det norske stafettlaget som fekk sølvmedalje på 4 x 10 km under vinter-OL 1960 i Squaw Valley, bak Finland. Dei andre på laget var Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Håkon Brusveen. Østby gjekk også på det norske stafettlaget under meisterskapa i både 1962 og 1964.

Østby vart aldri noregsmeister, men fekk med seg fem sølvmedaljar frå noregsmeisterskap. Tre av NM-medaljane kom på 15 km, alle etter Østby hadde lege i sekundstrid med vinnaren. Nærast var han i 1963, då han kom i mål 3,3 sekundar etter Reidar Hjermstad. Men også i 1960 og –64 var han færre enn ti sekundar bak noregsmeisteren på distansen. Østby var medlem av Jaren Idrettslag.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1960: Delt 4. plass på 15 km, og sølvmedalje på stafetten under OL i Squaw Valley
  • 1961: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen
  • 1962: Bronsemedalje på 15 km og nr 5 på 30 km i VM i Zakopane, fjerdeplass på stafetten
  • 1963: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen
  • 1964: Nr 7 på 50 km og 8 på 30 km under OL i Innsbruck, fjerdeplass på stafetten
  • 1965: Nr 7 på 30 km i Falun

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1959: Nr 6 på 15 km på Gjøvik
  • 1960: Sølvmedalje på 15 km i Nedre Eiker
  • 1961: Nr 4 på 15 km på Røros
  • 1962: Nr 5 på 30 km i Skien
  • 1963: Sølvmedalje på både 15 km og 30 km i Rælingen
  • 1964: Sølvmedalje på både 15 km og 30 km på Voss
  • 1965: -
  • 1966: Nr 9 på 15 km på Hernes
  • 1967: Nr 10 på 15 km i Skorovatn
  • 1968: Nr 8 på 30 km i Bærum
  • 1969: Nr 9 på 30 km på Gjøvik

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar